Hopp til innhold

- Siloelementa lå strødd

Bonde Anders Mundal var ikkje heime då gjødselsiloen med 800.000 liter gjødsel kollapsa. Han fekk beskjeden på ein tekstmelding.

- Det tok eit par sekund før eg fekk summa meg. Eg lurte på om det kunne vere sant. Men eg skjønte jo at det var alvor, og eg heiv meg i bilen heim att.

- Kva såg du då du kom heim ?

- Elementa i gjødselsiloen lå strødd ut over bøen rundt der dei skulle stått. Eg møtte jo massen med møk ned i vegen då eg kom, så eg skjønte det var katastrofalt.

Heilt ny

Kumme på 800.000 liter var ny, og heilt full då uhellet skjedde. Gjødsla rann utover bøen og ned i fjorden. Ein del av gjødsla samla seg på plenen framfor Mundal Hotell .

- Eg har brukt gjødselkummen halvtanna år. Eg hadde ikkje rekna med at dette kunne skje, seier Anders Mundal.

Gjødselsiloen består av betongelement som er halde saman av vaier. Bonden vil ikkje spekulere i kva som kan vere årsaka. Men han reknar med at kanskje vaierane har gått av skøyteleddet på midten.

Det er Stryn Betong som har levert betongelementa, og montert siloen. Dei er no på plass i Fjærland for å finne ut kva som har skjedd.

Uhell tidlegare også

Anders Mundal tok over garden frå far sin for eitt år sidan. For fem år sidan var ulukka også ute på garden. Då rasa golvet under kyrne , så dei ramla ned i gjødselkjellaren. To av kyrne vart då sende til naudslakt.