Hopp til innhold

- Russen gjekk langt over streken

Eit av innslaga på russerevyen i Florø har sett sinna i kok. Og no legg russen seg langflate.

Video nsps_upload_2010_2_2_18_1_34_1008.png
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Her private foto frå russerevyen fredag.

- Uansett kor morosam resten av revyen hadde vore hadde det ikkje vore til nokon nytte, Det går ei grense, seier Atle Jarl Trettevik.

Lommemannen og Simon-saka

Russerevy i Florø

Russen har fått kritikk etter eit av innslaga i revyen.

Russerevy i Florø

Russen legg seg flate for kritikken eter nummeret om Simon og Lommemannen

Russerevy i Florø

- Det er slik med russerevyar at vi tek ting langt. Men vi beklagar om Hollevik kjenner seg krenka, seier revysjefen.

Jacob Nødseth

Jacob Nødseth

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Florørussen kopla det store engasjementet rundt asylsøkjaren Simon med lommemannsaka i russerevyen sin no på fredag.

Settingen i sketsjen var at Tore på sporet skulle hjelpa Simon med å finna far sin. Når faren så dukka opp i sketsjen, vart han framstilt som Kåre Leif Hollevik - leiaren i aksjonsgruppa for Simon i den verkelege verda.

Så langt var alt greitt, men i avslutninga av sketsjen vart det konkludert med Hollevik også var lommemannen.

Legg seg flate

I ettertid ser seier Marthe Fiskarbekk, revysjef for russerevyen i Florø at dei gjekk for langt.

- Vi gjekk for langt, og beklagar det. Vi ville flette saman to saker som hadde vore mykje omtala, Lommemannen-saka og Simon-saka. Difor vart det slik. Men det vi gjekk for langt, seier ho.

- Gjekk over streken

Lommemannen er tiltalt for svært mange overgrep mot små born over fleire tiår.

Jacob Nødseth såg sketsjen, og tykte florørussen gjekk over streken.

-Samanlinkninga er ganske drøy. Hollevik har fått fram det beste i Florøfolket. Påstanden i høve dette med Lommemannen er ganske drøy, seier han.

Kunne klart seg utan

Nødseth tykkjer russerevyar skal ha høg terskel, men meiner florørussen gjekk for langt ved å kopla ei så alvorleg sak som lommemannen med Simon-saka.

- Dei kunne klart seg utan dette nummeret.

Atle Jarl Trettevik fortel applausen i salen var usikker etter sketsjen, og meiner mange tek avstand frå framstillinga til florørussen.

Video nsps_upload_2010_2_2_20_30_48_1038.png
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

-Eit poeng å «dra ting langt»

Kåre Leif Hollevik vil sjølv ikkje kommentera sketsjen.

Fiskarbekk beklagar om Hollevik føler seg krenkja, men påpeiker at det er russerevyens vesen å dra poenga langt.

Trettevik meiner russen i framtida bør skjerpe seg.

- Bør lære for framtida

- Dei bør innsjå at dette var dumt, og seinare generasjonar russ må teste ut sketsjane sine før dei held revy, seier han.

- Det er slik med russerevyar at vi tek ting langt. Men vi beklagar om Hollevik kjenner seg krenka, seier revysjefen.