Hopp til innhold

- Rehabiliteringa ikkje truverdig

Fylkeslege Petter Øgar kjem med knallhard kritikk av Helse Førde sitt rehabiliteringstilbod.

Eldre på treningsstudio

På grunn av ei tilsynssak byrja fylkeslegen å undersøkje rehabiliteringstilbodet i Helse Førde. Og han er ikkje nøgd med det han fann. Illustrasjonsfoto.

Foto: Ruth Espedal Lycke / NRK

- Vi bygger på svara Helse Førde har gjeve til oss. Og eg har ei grunnleggjande uro for kva styring dei eigentleg har på dette, seier fylkeslege Petter Øgar.

- Ikkje truverdig

Arve Varden

Klinikkdirektør Arve Varden og Helse Førde får kritikk av fylkeslege Petter Øgar for rehabiliteringstilbodet.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Han meiner konklusjonane til helseføretaket om korleis dei driv rehabiliteringstilbodet sitt ikkje er truverdige.

- Helse Førde påstår at dei yter tenester slik lova krev. Men den skildringa som dei sjølve har gjeve av tilbodet, gjev ikkje grunnlag for å trekke den konklusjonen, seier fylkeslegen.

Det var med bakgrunn i ei tilsynssak på grunn av uro for Helse Førde sitt rehabiliteringstilbod at fylkeslegen bad helseføretaket gjere greie for korleis tilbodet vert drive.

Her kan du lese meir om Helse Førde sitt rehabiliteringstilbod

Strir med pasientlova

Øgar meiner tilbodet til Helse Førde er i strid med pasientlova på grunn av mangel på fagfolk og hjelp til pasientar med behov for det.

Helse Førde konkluderer sjølve med at innbyggjarane i Sogn og Fjordane har det tilbodet dei har krav på.

- Det er faktisk noko av grunnlaget for at eg vert uroa. Når dei kjem fram til ein slik konklusjon dei sjølve skildrar.

Krev ny rapport

Petter Øgar.

Fylkeslege Petter Øgar vil ha ein ny rapport om korleis Helse Førde ser på rehabiliteringstilbodet sitt.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Øgar kallar svara frå Helse Førde lite truverdige og krev ein ny rapport.
Direktør ved medisinsk klinikk, Arve Varden, seier dei tar kritikken på alvor.

- Det at han går så høgt på bana fører til at vi må setje oss ned og gå gjennom saka på nytt. Vi må gå gjennom spørsmåla og sjå korleis vi kan svare på dei, og sjå korleis vi kan organisere tilbodet i Helse Førde, seier Varden.

- Men korleis er det mogleg at de konkluderer med at tilbodet er godt nok, når fylkeslegen er så usamd?

- Nokre av spørsmåla kan vere vanskelege å konkludere med i den retninga vi har gjort. Men i andre så meiner vi at vi har hald i dei orda vi har gjeve, seier direktøren.