– Det heile starta med Gudvangaulukka der folk nærast vart jaga ut av tunnelen på grunn av farlege gassar, og så kom busskollisjonen i Fardal i Sogn, der to kvinner omkom. I romjula var det også ei stygg ulukke i Våtedalen der tre personar omkom. Med busskapringa i Årdal i tillegg, så fører det til at årets bok er prega av dramatikken som har vore langs vegane i 2013, seier redaktør for årboka, Torbjørn Rørvik.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Redaksjonen saumfarar lokalavisene i fylket på jakt etter dei gode historiene om smått og stort som har rørt seg gjennom året. Og når det dramatiske året 2013 skal summerast opp, så vart det naturleg å vie mykje plass til hendingar i trafikken.
– 12 personar miste livet i trafikken i fjor, og det er det høgste talet på mange år. For å balansere stoffet har vi difor også laga tre saker på trafikkulukker der det gjekk godt, og der flaks gjorde at det ikkje gjekk fleire liv tapt, seier redaktøren.
– Eit puslespel å plukke ut sakene som skal med
For det er ein eigen kunst å sette saman ei bok som teke føre seg dei viktigaste nyheitssakene og presentere mangfaldet. For dei får høyre det om dei ikkje har vore rettferdige med stofftype eller har slurva på geografien. Fylket skal dekkast jamt og godt, både geografisk i innhald.
– Mange kan bli sure, for nokre likar ikkje sport, medan andre syns det er for lite sport. Nokre meiner det er for mykje frå kysten, medan andre har motsett syn, fortel Rørvik, og seier det er slik det skal vere.
- LES OGSÅ:
Redaksjonen må også vere forsiktige med overgangane frå sak til ska, slik at det ikkje blir for store kontrastar i det som blir presentert i den omfattande boka.
– Det er eit puslespel å sette alt i hop. Vi har eit avansert rekneark for sakene som blir plukka ut for å ta i vare omsyna.
Forventar å bli endå viktigare når nettet tek meir over
Rørvik trur mange syns det er spesielt kjekt å blade i gamle utgåver av årboka og bli minna på ting som har gått i gløymeboka.
– Når ein plukkar fram fem, ti eller tjue år gamle utgåver, så spør nok nokre seg sjølve om dei verkeleg levde på den tida.
Og nettopp den funksjonen til årboka, å minne folk på kva som har skjedd og kor tid det skjedde, trur Rørvik blir endå viktigare i tida framover.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Fleire av dagens lokalaviser publiserer mykje av stoffet på internett, og nokre av sakene hamnar kanskje berre der og ikkje i papirutgåva. Redaktøren ser likevel ikkje på det som ei stor utfordring for dei i åra framover.
– Nyhenda får eit kortare liv. Noko av årboka sin funksjon er jo nettopp å ta vare på nyhenda. Årboka sørgjer for at det som har skjedd ikkje går i gløymeboka den dagen papirkorga blir tømt eller nettavisene slettar sine saker.
Omlegginga som lokalavisene er midt oppe i vil likevel påverke arbeidet deira.
– Vi må nok jobbe litt annleis etter kvart, men vi har starta på jobben og den overgangen skal vi klare.