Nok dramatikk - skal halde seg til Leeds og heimbygda

Han har leia politiarbeidet i fleire dramatiske hendingar siste året. No er Åge Løseth glad for å vere heime i Dale, for han er av det heimekjære slaget.

Åge Løseth

DER HAN TRIVST BEST: Åge Løseth på tur med utsyn over Dale.

Foto: Silje Guddal / NRK

Og der er fjell- og skogsturar noko av det han koplar av med, gjerne til Torset, Grøneholten og Skadalsheia. Og i Dale er han på førenamn med dei fleste.

– Eg kjenner dei fleste i bygda etter kvart.

Det siste året har han vore meir i Sogn enn i Dale, som regionlensmann. Der måtte han ta hand om store saker som brannen i Gudvangatunnelen, busskollisjonen i Fardal i Sogndal, trippeldrapet på Holsbru i Årdal og storbrannen i Lærdal.

– Greier ikkje skru av

– Det var ekstremt frå august og utover. Det vart hektisk og krevjande og meir arbeid enn normalt.

Og det er dei to hendingane med dødeleg utgang som sit sterkast i Løseth.

– Særleg trippeldrapet i Årdal kjem eg nok aldri til å gløyme.

Og denne hendinga greidde han ikkje å kople ut då han var heime i Dale i helgene.

– For meg er det umogeleg. Når eg veit kva folk har opplevd så kan eg ikkje berre skru av ein knapp og la vere å tenkje på det når eg har fri. Episodane i Sogn tenkjer eg på dagleg den dag i dag.

Åge Løseth

I MEDIESTORMEN: Åge Løseth hadde eit kraftig medietrykk, særleg i trippeldrapssaka i Årdal.

Foto: Steinar Lote / NRK

«No skal vita deg-haldning»

– Er det noko du tenkjer du kunne ha gjort annleis når du tenkjer tilbake?

– Nei, eg tenkjer ikkje slik. Det vart som det vart, og vi måtte gjere det beste ut av det. Det er slik vi må sjå det. Men er det noko vi har lært av desse sakene så er det at måten vi har gitt informasjon til dei pårørande på ikkje alltid har vore like bra.

Han vedgår at han i enkelte tilfelle har vore oppteken av å snakke med media før han har gitt informasjon til dei pårørande.

– Det har ikkje alltid vore like lurt, og vi fekk med rette kritikk for det. Vi har lært av det, og vi skal prøve å bli betre.

I året som har gått har han vore å sjå mange gonger både på Dagsrevyen, Vestlandsrevyen og tv2-nyhetene, alltid med beina planta trygt på jorda og tilsynelatande roleg. Og han stadfestar at han er så roleg som han verkar.

– Eg prøver å vere roleg og stabil, det er ikkje grunn til å få panikk. Men eg må vedgå at då eg tysdag 5. november trefte heile pressehorden utanfor rådhuset i Årdal fekk eg ei aha-oppleving, og av og til fekk eg inntrykk av at nokre av kollegaene dine hadde ei «no skal vi ta deg-haldning».

Dale

ALDRI LEI AV DETTE UTSYNET: Eit Dale bada i sol gir Åge Løseth ro i sjela.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg sakna Dale

I denne perioden vart det mindre med tid til desse turane i heimbygda som han trivst så godt med. Det var berre i helgane han fekk teke den faste ruta si. Og han sakna heimbygda i denne tida.

– Eg sakna Dale, eg gjorde det. Ikkje berre utsynet, men bygda og heimen og alt, så det var godt å kome heim att. Men eg visste at tida i Sogn var avgrensa til ein periode. Eg vekependla, slik at eg var i Dale stort sett kvar helg.

Og heimlengten gjorde seg også gjeldande då han var nyutdanna frå Politiskulen på 1980-talet, då han valde vekk ein jobb i Oslo.

– Eg jobba då på Laksevåg lensmannskontor i Bergen, så vart det ledig ei stilling her i Dale. Det er eit lite kontor, så det er ikkje ofte det er ledige stillingar, så då måtte eg nytte høvet. Sidan har eg blitt her, med unnatak av året i Sogn.

– Du har ikkje angra på det?

– Det har eg ikkje angra på ein dag. Det seiest at Dale-gutane er heimekjære og gjerne vil heimatt. Eg greier godt å vere andre stader, men det er flott å kome heim og ha basen sin her. Det er ei fin bygd, som du ser.

Og han har svært lite å utsetje på innbyggjarane i Fjaler.

– Dei er svært kjekke, og dei gjer frykteleg lite kriminelt, så vi har det bra her.

Leeds i tjukt og tunt

Og om det skulle bli litt kjedeleg etter all dramatikken han opplevde i Sogn, så har han eit engelsk fotballag han har halde med i mange år, og det laget har gitt han meir spenning enn godt er dei siste åra. Og akkurat no kan han gle seg over at Leeds vann ein kamp i helga.

– Ja, takk og lov for det. Det var nesten slik at eg var bekymra for at dei skulle dette ned i nedrykkssumpa i Championship, men med 2-1 i helga er plassen berga. Og det var jammen på tide. Det har ikkje vore noko kjekt tiår for oss som har Leeds som favorittlag. Det har vore nokre tunge stunder.

Og fotballinteressa er langt frå avgrensa til Leeds.

– Det hadde vore eit fattigare liv utan forballen. Eg var ikkje så veldig god fotballspelar sjølv, men eg prøvde no, heilt til eg fekk problem med ryggen. Men eg sluker alt eg kan av fotball, både live og på tv. Det synest eg er kjekt.

Han har ein son som er Arsenal-tilhengar, og det har gjort at han også fylgjer det laget. Sonen spelar 2. divisjonsfotball på Åsane i Bergen, og det har ført til ein del reiseverksemd.

Det har ført til at han etter ei lang veke i Sogn kunne sette seg i bilen og køyre til Bergen for å sjå kamp.

– Eg måtte få med meg nokre kampar, så det hende at eg tok turen.

  • SJÅ ÅGE LØSETH FORTELJE OM LEEDS-INTERESSA:
    Created by InfoDispatcher

– Lokal nærleik er viktig

I kjølvatnet av trippeldrapssaka kom det kritikk i media mot politiet. Den kritkkken har Åge Løseth vondt for å svelgje.

– Det er andre enn oss som har sett oss i den situasjonen at vi har store vaktområde og lange avstandar. Det er ikkje noko vi har bede om. Det er mange av oss som meiner at utviklinga burde ha gått i ei heilt anna retning.

Løseth blir engasjert når dette temaet kjem på bane.

– Eg har eit langt politiliv bak meg på landsbygda, og eg har sett tydeleg gong på gong kor viktig det er med lokal nærleik og ikkje mindt lokalkunnskap. Det er det dessverre mange som ikkje ser. Det har ikkje vore vanskeleg å sjå kva retning det har gått dei siste tiåra. Eg meiner det er heilt feil veg å gå å fjerne den lokale nærleiken.

Han trur det er vanskeleg å stanse den sentraliseringsbølgja som han har sett kome rullande. Han håpar politikarane tenkjer seg om, men han er ikkje optimist.

– Eg er stygt redd for at vi kjem til å tape kampen mot sentralisering.

– Kan ikkje danse

Åge Løset er kjend som ein positiv mann som stort sett seier ja så sant han kan. Men eitt spørsmål svarar han så godt som alltid kontant nei til. Det er når ei dame kjem bort og vil ha han med på ein dans.

– Ja, det er heilt sant. Eg kan ikkje danse. Kona mi drog meg med på eit dansekurs ein gong, men eg kjende meg så dum og tåpeleg og «klakken» at eg gav det opp etter ein tre-fire forsøk. Nei, dans står eg over. Eg ser at andre gler seg over å få danse, men eg eig ikkje rytmesans.