Hopp til innhold

- Ordføraren motarbeider oss

Montessori-skule i Vågsøy kjenner seg uglesedd.

Montessori-skulen på Almenningen
Foto: Ottar Starheim / NRK

Leiinga ved Montessori-skulen i Allmenningen har skrive eit brev til Utdanningsdirektoratet der dei skildrar samarbeidet med Vågsøy kommune som utriveleg, og vågsøyordførar Roger B. Silden (Ap) blir skulda for å ha kome med propaganda mot skulen.

Slutt til hausten

Frå hausten kan skulen bli lagd ned, og skulestyrar Monica Kråkenes seier kampen mot kommunen har vore tøff:

- Me byrjar å bli trøytte av kampen mot kommunen. Dei vil gjerne leggje oss ned.

Få pedagogar

Det var etter at den offentlege skulen i Allmenningen blei lagd ned i 2002 at foreldra gjekk i lag og danna ein privat Montessori-skule. Barneskulen har i dag 21 elevar fordelt på sju klassetrinn. Skulen har fått kritikk for å ha for få Montessori-pedagogar, noko òg Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har peika på. Og no når Vågsøy kommune har signalisert at dei vil kutte i dei spesialpedagogiske ressursane, er skulen i ein vanskeleg økonomisk situasjon.

Arv frå italiensk lege

Ein Montessori-skule er ein friskule som driv undervisning etter dei pedagogiske prinsippa grunnlagde av den italienske dokteren Maria Montessori. Pedagogikken er tufta på eigenverdien til ungane, læring utan negative inntrykk, og at elevane sjølve skal søkje etter kunnskap.

Uforståande ordførar

Ordførar Roger B. Silden stiller seg uforståande til at kommunen skal ha motarbeidd Montessori-skulen. På same tid seier Silden at han ikkje ønskjer eit privat skuletilbod i Vågsøy kommune.