Hopp til innhold

- Norskkunnskapen er jamn

Ove Eide, som er lektor i norsk og sit i utvalet for utvikling av norskfaget, er ikkje samd i utsegna om at elevane i skulen skriv dårlegare og dårlegare norsk.

Ove Eide
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sensor og norsklærar ved Flora vidaregåande skule, Bjørg Jansen Mikalsen, meiner å ha sett ei negativ utvikling dei siste åra.

- Å seie at nivået er dårleg, er å vere forsiktig. Elevane slit med orddelingsfeil, rettskriving, og mange forstår ikkje ord og uttrykk som held seg innanfor allmennkunnskapen sine grenser, seier ho til avisa Firda.

Les og Slår alarm om språket

Ligg jamt

Eide stadfestar at norskkunnskapen blant elevane er variabel. Nokon er dårlege og nokon gode. Han har også sett at fleire og fleire deler opp ord feil. Men han meiner at norskkunnskapen ikkje er blitt dårlegare dei siste åra.

- Standpunktkarakterane ligg på rundt 3, og det har dei gjort så lenge eg har vore lektor. Og det er 30 år, seier han.

Må forskast

Eide meiner ei grundig kartlegging vil kunne vise kva som faktisk er problemet, slik at ein kan sette inn naudsynte tiltak.

- Det har nettopp kome ei stortingsmelding som omhandlar dette, og det blir oppretta eit nasjonalt senter for skriftspråk. Så det blir sett i gang tiltak, seier han.