- Han veit betre enn nokon annan at toppidrettsutøvarane blir testa svært ofte. Eg er sikker på at han ikkje ville ta den enorme sjansen det er å dope seg, seier Hjertenes
Han opplyser også at Grimseth har fått pengar frå idrettskrinsen til antidopingarbeid.
- For nokre år tilbake fekk han også fair play-prisen vår, nettopp fordi han har stått fram som ein motstandar av doping. Eg er heilt sikker på at han ikkje har gjort dette med vilje. Dette må vere noko han har fått i seg utan å vite om det, seier Hjertnes.