Reidar Sandal. Foto Terje Gilleshammer NRK
Arbeidarpartiet sin førstekandidat har også tidlegare i valkampen teke til orde for at stortingspolitikarane må slå i bordet og kreve at Hydro satsar vidare i Årdal og Høyanger.
Hydro interessert i 35-2
No meiner han å ha konkrete svar på korleis Staten som største eigar kan få Eivind Reiten og styret i Hydro på betre tankar. Industrigiganten har tidlegare denne månaden sagt at dei er svært interesserte i gassfunnet på blokk 35-2 vest av Florø.
- Må vise velvilje
Men Sandal meiner Hydro må sjå langt etter verdiar på opp mot 30 milliardar dersom ikkje selskapet viser litt meir velvilje andre plassar i fylket.