Hopp til innhold

- Minipol kan redde butikkane

Utkantbutikken i Kjølsdalen vil ha minipol for å styrke driftsgrunnlaget.

Knut M. Olsen og Åge Starheim på valvake

Frp-politikar Åge Starheim (t.h.) tek til orde for minipol i butikkane.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Det er Kjølsdalen Krins- og Utviklingslag som har kome med framlegget. Dei får støtte frå Framstegspartiets Åge Starheim.

BØR UTKANTBUTIKKANE FÅ MINIPOL? SEI DI MEINING NEDERST I SAKA.

- Urealistisk, men god idé

Tomas Angell i Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH), meiner ideen er god, men urealistisk.

- Eg er diverre redd for at det urealistisk om ein ser på ordningane som vi har for omsetnad av vin i Norge. Men, det ville heilt sikkert betydd mykje for å bevare butikkane i utkant-Norge, seier Angell.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Ikkje nok med mjølk og brød

Han meiner difor at butikkane i distriktet burde få minipol.

- Ein leiter gjerne med lys og lykter etter tilleggsaktivitetar for utkant-butikkane. Fordi erfaringa viser at det ikkje er nok å selge mjølk og brød. Ein må finne andre aktiviteter som bank i butikk, post i butikk, og kanskje andre offentlege tjenester. Ein filial for vinmonopolet, eller eit minipol, ville betydd svært mykje, for det ville bidrege til at folk handla på heimstaden og ikkje reiser til større stadar der det er pol, seier Angell.

Video nsps_upload_2009_1_28_19_2_59_481.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Vil ha vin i butikkhyllene i tillegg til vin

Set av pengar

Stortingsrepresentant Åge Starheim (Frp) er samd i argumentasjonen og seier at dei jobbar for at utkantbutikkane skal får minipol - nett for å styrke driftsgrunnlaget. Partiet har utarbeidd eit framlegg som skal til handsaming.

- For å vise at vi verkeleg meiner dette, har vi sett av pengar til Innovasjon Norge som er øyremerka til butikkar som vil opprette minipol, slik at dei skal kunne få finansiering til investeringane som må til, seier han.

- Snakk om tid

I Kjølsdalen vonar dei på minipol. Ikkje berre for butikken sin del, men også for innbyggjarane sin del. Leiar i krins- og utviklingslaget, Jan Eide, viser til at også andre nasjonar allereie sel vin i butikkane.

- Før var det nesten urealistisk med ølutsal, men kvifor skal ein ikkje få kjøpt seg ei vinflaske i butikk. Eg trur det berre er spørsmål om tid, seier han og får støtte hjå butikkeigar Jan Johansen. Han vil jobbe for minipol i butikken og meiner han har støtte frå lokalbefolkninga.

- Dersom folk ynskjer seg ei flaske vin i staden for ei pils, så bør det vere mogleg å få tak i, seier han.