Laurdag kveld vart ei 15 år gamal jente funnen død i ei leilegheit i Solheimsviken i Bergen. Jenta var under omsorga til barnevernet. Politiet seier dødsfallet er mistenkjeleg.
Les:
- Me følgde alle rutinar
- Barnevernet har ikkje svikta, seier regiondirektør i Bufetat Vest Borghild Lekve.
Foto: Bufetat / pressefoto- Så langt me kan sjå så har det ikkje skjedd noko svikt i høve rutinar. Dei rutinane som skulle følgjast vart følgt, seier regiondirektør i Bufetat Borghild Lekve.
Jenta var under omsorga til barnevernet. Korleis kunne noko slikt skje?
- Ja, det er eit spørsmål me stiller oss alle saman.
Bufetat vil ikkje gå inn på dei konkrete detaljane rundt rømminga, men seier at alle rutinar er følgt.
- Dei rutinane er slik at når eit barn uteblir frå institusjonen, så blir politiet varsla. Det skjedde òg i denne saka. I tillegg til dette prøver ein sjølvsagt å oppnå kontakt med barnet og å leite. Også desse rutinane vart følgt i denne aktuelle saka, seier Lekve.
Trass i at alle rutinar vart følgt vil Bufetat gå saka i sømmene.
- Det er klart at slike saker gjer at me alltid må stille spørsmål om det er noko me kunne gjort annleis eller betre, seier Lekve.
- Det verste som kunne skje
- Dette er den verst tenkjelege saka ein kan sjå for seg. Det er heilt klart at Bufetat ser med djupt alvor på denne saka, seier Lekve.
No vil Bufetat prøve å finne ut akkurat kva det var som skjedde etter at jenta vart meldt sakna.
- No arbeider me med å klarleggje i detalj kva det var som skjedde. Me vil finne ut kva som har skjedd, både i forkant av at ho forsvann og sjølvsagt kva som skjedde etter at jenta vart vekke for oss, seier Lekve.