Sjefen for det danske kriminalpolitiet, Kim Kliver, har lang erfaring med MC-kriminelle.
- All erfaring viser at folk som er knytte til Hells Angels som prøvemedlemmer driv alvorleg kriminalitet, seier Kliver.
- Interessa er eit skalkeskjul
Den danske kriminalsjefen meiner den store interessa for Harley Davidson berre er eit skalkeskjul. Han seier det er liten grunn til å tru anna enn at prøvemedlemmer i Bergen må fylgja resten av Hells Angels. Det betyr mellom anna organisering av narkotikahandel og torpedooppdrag.
- Det aller farlegaste er viss dei får lov til leva i eit parallelt samfunn, der dei gjer uttrykk for at det einaste dei er saman for, er å kjøpa motorsyklar, seier Kliver.
MC Bergen har det siste året vore offisielle prøvemedlemer, eller prospects, i Hells Angels. Med det fylgjer ein del forpliktingar.
- Det fylgjer med ei heil rekkje andre kriminelle aktivitetar frå medlemmer frå dette miljøet, seier kriminalsjefen.
Fryktar for konsekvensane
Danmark har store erfaringar med den berykta MC-organisasjonen. Mellom anna har det skjedd fleire drap der medlemmer har vore involverte. Danske medlemmer har også vore observerte på norske MC-treff. Kriminalsjefen fryktar for konsekvensane.
- Ein risikerer å at menneske vert drepne, seier han.