Hopp til innhold

Vegvesenet klagar på brøyting

Statens vegvesen i Sogn og Fjordane har fleire gonger vurdert å stengje vegar på grunn av dårleg brøyting.

Dårleg brøyting i Naustedalen

KLAGAR: Elin Haugen er oppgitt over vegvedlikehaldet. Men ho er ikkje åleine, for vegvesenet har fått ei rekke klagar.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Elin Haugen

OPPGITT: Elin Haugen

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
Frode Naustdalslid

OPPGITT: Frode Naustdalslid seier folk er forbanna på brøytinga.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Denne vinteren har Statens vegvesen fått inn rekordmange klager om dårleg brøytte vegar.

No kritiserer dei brøyteentreprenørar for å gjere ein altfor dårleg jobb.

– Vi får rapportar frå Vegtrafikksentralen kvar einaste dag. Det har vore veldig mange klager den siste tida, seier fungerande avdelingsdirektør Margot Åsebø i Statens vegvesen.

– Ikkje kjekt å øydelegge bilen

I Naustedalen er Elin Haugen frustert over den svært dårlege standarden på vegen. Ho er ei av mange som fortvilar over den dårlege standarden på fylkesvegen.

Då NRK.no var med ho på køyretur, slo bilen nedi på vegen som var full av holer og isvollar.

Fleire stader er det nesten umogleg å køyre, for vegbana er enkelte stader nærast eit krater.

– Ein må køyre tidlegare når ein skal på jobb eller når ein har andre ærend. Det er ikkje så kjekt å øydelegge bilen på grunn av så dårleg vintervedlikehald, seier Haugen.

Ho har eit krav til sjåførane som skal brøyta vegane:

– No håpar eg for ein gong skuld at eg ikkje berre ser ein brøytebil, men at eg også høyrer den.

  • Høyr radiosak her:

Har fått mange klagar

Innbyggjarane i Naustdal er ikkje dei einaste som klagar på dårleg brøyting. Mange er frustrerte over holete og isete vegar.

Fungerande avdelingsdirektør Margot Åsebø i Statens Vegvesen, seier at dei har fått ekstra mange klager denne vinteren.

Fleire plassar har vegane vore så dårlege at Statens vegvesen har vurdert å stengje vegen. Åsebø er kritisk til jobben ein del av brøyteentreprenørane har gjort.

– Det har vore ein del manglande tiltak frå entreprenørane si side. Mange av dei er for seint ute med å høvle vekk dei store is- og snøvollane. Det har enkelte gonger vore så dårlege tilhøve at vi har vurdert å stenge vegar, seier Åsebø til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Isvollar i Naustedalen

VOLLAR: Slik ser det ut fleire stader i fylket.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Vil ikkje kommentere saka

Arnfinn Båtevik i E. Opedal & Sønner ønskjer ikkje å kommentere kritikken og seier dette er ei sak dei tar internt med Statens vegvesen.

Han viser samtidig til at det har vore ein ekstrem vinter, med mykje snø og is som har gjort vegvedlikehaldet utfordrande. Han seier E. Opedal & Sønner har eit godt samarbeid med vegvesenet, og at dei vil fortsette med det.