Hopp til innhold

- Må ha fleire fedmeoperasjonar

- Helse Vest må auka talet på fedmeoperasjonar, seier leiar i Den Norske Overvektsforeining, Geir Henning Hansen.

Sjukleg overvektige som ikkje får tilbod om operasjon, slit både psykisk og fysisk, og mange isolerer seg.

Sjølv om Førde Sentralsjukehus har nær dobla talet på fedmeoperasjonar i år, ser ikkje dette ut til å gjere køen mindre.

Stort behov

Overlege ved Førde Sentralsjukehus, Villy Våge, har stadfesta at behovet for operasjonar er langt større enn det som vert gjort i dag. Og det seier Geir Henning Hansen i Den Norske Overvektsforeining seg einig i.

- Dette er noko som har bygd seg opp over tid. Sidan behandlingstilbodet kom er det mange som har oppdaga det, og ser på det som ei siste løysing for å få hjelp til overvektsproblem.

Vanskelege operasjonar

Kommunikasjonsrådgevar i Helse Vest, Elisabeth Huse, skuldar på vanskelege og tidkrevjande operasjonar som årsak til at ikkje fleire slepp til.

- Dette er store og kompliserte inngrep som krev høg kompetanse, og eit stort apparat rundt. Det er klart det har samla seg opp nokre pasientar som treng operasjon, før operasjonskapasiteten blei utvida, seier Huse.  

- Sidan dette er så kompliserte inngrep, tar det tid å byggje opp den naudsynte kompetansen. Men vi i Helse Vest har valt å samle denne kompetansen i Førde for å kunne gje eit best mogleg tilbod.

Ingen lovnader

Huse kan ikkje gje lovnader om fleire operasjonar før året er omme.

- Vi vil følgje utviklinga gjennom 2006, før vi tar stilling til kva som skal skje neste år.