Øvingsbana på Kaupanger. Arkivfoto: Arve Uglum, NRK.
Louis Anda reiser saka på vegne av eit privat selskap som kjempar for å få godkjenning til å drive øvingskøyring på den gamle øvingsbana på Kaupangerskogen i Sogndal. Selskapet vart oppretta etter at NAF til sterke protestar la ned bana og flytta aktiviteten til bana i Jølster. Sjåførskulane i indre Sogn meiner nedlegginga påfører elevane store ekstrautgifter.
- Ingen konkurranse
Anda peikar på at alle som vil ta førarkort må gjennom øvingskøyring på godkjent bane, difor er dette å sammenlikne med reglane for offentlege innkjøp.
Louis Anda. Arkivfoto
- Dette monopolet er i strid med ei rekkje sentrale lovreglar som skal regulere konkurranseverksemda i Norge.
- Offentlege innkjøp skal i dag ut på anbod. Når det gjeld denne monopolverksemda som NAF har på øvingsbaner så har den aldri vore ute på anbod. Den er eit monopol som NAF har fått på grunnlag av ein stortingsproposisjon tidleg på 80-talet. Dessutan meiner eg dette er i strid med EØS-reglane og konkurranse-lovgjevinga. Fri konkurranse har vi for å ivarte forbrukarane sine interesser, påpeikar Anda.
Trugar med rettssak
Samferdsledepartementet har sagt eit endeleg nei til privat bane i Sogndal. Men Anda meiner departementet ikkje har vurdert dei sidene han no peikar på, og dermed må gjere om standpunktet sitt. Saka kan også vere aktuell for domsstolane.
- Slik eg ser det er det grunnlag for å bringe dette vidare til domstolane viss departementet held fast på at NAF skal ha monopol på drift av øvingsbaner, seier Anda