Hopp til innhold

- Lost Weekend har tabba seg ut

Lost Weekend-festivalen startar på Askøy i dag. - Med brotne bein, seier Asbjørn Slettemark.

Campen på Lost Weekend
Foto: Andreas Grimsæth / NRK

Musikkfestivalen Lost Weekend på Askøy har halde på sidan 2000.

Festivalen har slite med store konfliktar internt etter at dei engasjerte ein komersiell aktør til å arrangera festivalen i fjor.

- Same fella som Quart

Asbjørn Slettemark

Asbjørn Slettemark er kritisk til dei kommersielle aktørane.

Musikkmeldar i NRK, Asbjørn Slettemark, seier Lost Weekend har gått i same fella som Quart-festivalen i Kristiansand.

- Det er eit veldig tydeleg mønster, nett det same skjedde då Quart-festivalen fekk store økonomiske problem på midten av 90-talet, seier han.

Søkte kommersiell hjelp

2005 var eit dårleg år for pop-festivalen i Kollevåg på Askøy. Underskotet var så stort at leiinga søkte hjelp hjå kommersielle aktørar for å videreføra drifta.

I 2006 gjekk leiinga inn ein avtale med KTV-Underholdning. KTV skulle få halvparten av billettinntektane mot at dei stilde økonomisk garanti og hadde ansvaret for det praktiske rundt festivalen.

Nytt styre braut avtale

I år blei det vald nytt styre i festivalen. Dei braut avtalen med dei kommersielle aktørane. Men selskapet KTV-Underholdning ville ikkje gje seg så lett.

Dei nekta å ettergje gjeld fram til onsdag kveld. Då kom KTV-Underholdning og Lost Weekend fram til ei løysing.

Kapra nettsida for å hevde saka si

For å hevda sitt syn har KTV mellom anna tatt over den offisielle nettsida til Lost Weekend, www.lostweekend.no, og lagt ut sine synspunkt i konflikta. På nettsida hevdar dei å kunne redda økonomien til den konkurstruga festivalen.

Driftsansvarlig Kenneth Nilsen i KTV Underholdning opprettheld at dei var med å redde festivalen.

- Hvis han [Slettemark. red. anm.] meiner det var ein feil, meiner han også at festivalen burde ha vore avslutta i 2005, seier han.

Nødvendig for å overleve

Festivalsjef i Lost Weekend, Ronny Knutsen vedgår nå at dei gjorde ein feil då dei inngjekk samarbeid med ein kommersiell aktør.

- Utifrå idèane om festivalen var det nok feil, men samstundes var det reint nødvendig for å overleve, seier Knutsen.