- Legg ned patologien

Overlege i Nordfjord rettar sparekniven mot sentralsjukehuset.

Førde sentralsjukehus
Foto: Øystein Tveiten

Les og: Overlegane støttar patologien

- Eg har hatt store problem med å forstå motivasjonen bak å ha ei så stor avdeling på eit så lite område som Helse Førde har. Eg ville heller bevara overvakingsavdelinga for dei sjukaste av dei sjuke, seier overlege Henrik Berg ved Nordfjord sjukehus.


Helse Førde kan måtte kutte berre ved medisinsk klinikk åleine med nær 47 millionar kroner.

Omfattande kuttliste

Talet kan verte mindre etter at Helse Førde samla nyleg fekk 40 friske millionar, men spareutfordringa er framleis stor.

Derfor har klinikken utarbeida eit framlegg til kuttliste der står det mellom anna at overvakingsavdelingane ved lokalsjukehusa og røntgenlegane kan verte fjerna. Også røntgentilbodet i Florø kan forsvinne. Som prioritet nummer to står fleire mellom anna å legge ned patologiavdelinga i Førde.

Henrik Berg ved Nordfjord meiner det må vere betre å fjerne ei patologiavdeling som jobbar med å analysere vevsprøver enn å legge ned eller kutte i tilbodet til dei aller sjukaste.

Dårlegare pasienttilbod

- Vi hadde ein veldig god grunn til å få overvakingsavdelinga då vi fekk den for 13-14 år sidan og dei som ligg der er ofte så sjuke at det er vanskeleg å transportere dei vidare til andre som har kapasitet, seier Berg.

Overvakingsavdelingane vart oppretta for snart 15 år sidan for å styrke den faglege kvaliteten. Berg fortel høgt kvalifisert personale med avansert utstyr for å hjelpe dei aller sjukaste.

Berg trur ei nedlegging der akuttpasientar vert behandla ved vanlege avdelingar vil føre til eit dårlegare pasienttilbod.

15 år tilbake

- Denne pasientkategorien treng eit heilt anna tilsyn. Dei treng å vere på ein mindre post med høgt kvalifisert personell. Her må det vere høgteknologisk utstyr som samtlege i personalet må beherske. Når det hastar her, så hastar det verkeleg. Då må det skje fort. Eg har vanskeleg for å forstå at denne avdelinga kan forsvinne. Det ville vere å skru klokka 15 år tilbake, og det er det ingen som aksepterer i dag.


Tidlegare denne veka fortalde tillitsvalde sjukepleiarar at smertegrensa er nådd, og at dei ikkje lenger maktar å yte den hjelpa som dei meiner dei burde gi. Berg meiner at leiinga no har eit ansvar for å finne pengar i staden for å kutte.

- Kan ikkje vere førsteprioritet

Når han vert utfordra på kor han meiner det kan skjærast ned om ein må kutte, meiner han at å legge ned patologisk avdeling er vegen å gå.

- Eg kan ikkje forstå at den skal vere prioritet nummer ein for Helse Førde.
Det er lokalsjukehusa vert hardast råka i Helse Førde sine nye kuttforslag, men Berg trur likevel ikkje klinikkleiinga er på lokalsjukehusjakt. Han meiner utfordringa for medisinsk klinikk i heile Helse Førde no er for stor og seier det er umogleg å fjerne meir.

- Det er ingen som kan tru at Helse Førde skal klare å spare 47 millionar kroner på medisinske ting. Det må førast til meir pengar.