Hopp til innhold

Overlegane støttar patologien

Overlegane ved sentralsjukehuset i Førde vil slå ring rundt patologisk avdeling.

Patologisk avdeling vart oppretta for snart tre år sidan, men trass i kort levetid får avdelinga støtte frå overlegane i Førde.

Tillitsvald for overlegane i Helse Førde Tom Guldhav meiner at å fjerne patologisk avdeling vil vere det same som å legge ned kreftkirurgi i Sogn og Fjordane.

- Nødvendig for kreftkirurgi

- Avdeling for patologi har vore ei heilt nødvendig avdeling for at legane har kunna operere pasientar med brystkreft, tarmkreft og underlivskreft ved sentralsjukehuset. Ei nedlegging vil bety at desse pasientane må opererast i Bergen.

- Er det nødvendig å drive med kreftkirurgi i Sogn og Fjordane?

- Eg trur det er til det beste for pasientane å få eit tilbod som er så nær heimstaden som mogleg. Ein må og hugse at denne avdelinga driv med å få påvist viktig sjukdom så tidleg som mogleg. Det kan gjerne skje ved første besøket på poliklinikken, og det trur eg er viktig for pasientane, seier Guldhav.

Manar til ro

Samstundes manar Guldhav til ro, han påpeikar at kuttlista er svært førebels og at den mest må reknast som eit arbeidsdokument der alle steinar vert snudd.

- Det er alvorleg at Helse Førde framleis er i ein så alvorleg tilstand at ein må gjere store kutt også i budsjettet for 2009. Det er sjølvsagt tidleg i den prosessen no og det har kome mange ulike forslag på bordet.