Hopp til innhold

- Frp vil ikkje klare å kutte i helsebyråkratiet med sitt forslag

Opposisjonen vil ikkje klare å kutte i helsebyråkratiet med dei endringane dei føreslår. Det meiner Ap-politikar Jorodd Asphjell i Helse- og omsorgskomiteen.

Jorodd Asphjell

KRITISK: Jorodd Asphjell (Ap) trur ikkje opposisjonspartia vil klare å kutte i byråkratiet med sine forslag.

Foto: NRK

I kampen mot helsebyråkratiet vil dei borgarlege partia avvikle dei fire helseregionane. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det vil kunne redusere talet byråkratar med sju prosent.

Men helseregionane skal bli erstatta av eit sjukehusdirektorat, og det igjen vil føre til fleire helsebyråkratar, meiner Asphjell.

- Om dei trur at dei skal revolusjonere helsekostnadane ved å flytte ting til Oslo i eit stort sjukehusdirektorat, tek dei feil. Eg trur tvert imot at det vil føre til større kostnadar, og dårlegare styring regionalt og lokalt, seier Asphjell.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Legg ned sjukehus medan byråkratiet blir større

BYRÅKRATVEKST: Kvar femte tilsett ved norske sjukehus er no byråkrat. Sjå TV-saka frå 1. juni.

Vil leggje ned dei regionale helseføretaka

Medan regjeringa kuttar i sjukehustilbodet, jobbar kvar femte person i helseføretaka med byråkrati. I dag er det totalt nesten 17 000 byråkratar i helsevesenet i Norge.

Per Arne Olsen

VIL KUTTE: Per Arne Olsen (Frp) vil leggje ned dei regionale helseføretaka.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix

Før helge varsla Høgre og Framstegspartiet kamp mot helsebyråkratiet. Dei krev kraftige kutt, og Per Arne Olsen (Frp) si løysing er å leggje ned dei regionale helseføretaka.

- Dei regionale helseføretaka har vakse veldig dei siste åra, og det er her mykje av byråkratiet har auka. Difor er det naturleg å kutte her, seier Olsen.

Og Framstegsparti-politikaren fekk full støtte av Bent Høie i Høgre.

- Slik det er blitt i dag har vi fått eit meir byråkratisert helsevesen, der vi brukar meir pengar på byråkrati enn på behandling, seier Høie som også er leiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

- Dette er tull

Endringane som opposisjonspartia føreslår vil kunne reduserer talet på byråkratar med sju prosent, syner tal frå SSB.

Men når dei samtidig vil byggje eit sjukehusdirektorat sentralt i Oslo meiner Asphjell at vinninga går opp i spinninga.

- Dette er kjente tonar frå høgresida. Men å opprette eit sjukehusdirektorat vil bety fleire tilsette og igjen fleire byråkratar. Ei slik sentralisering av Helse-Norge vil ikkje føre til rimelegare administrasjon, seier Asphjell.