Hopp til innhold

- Ja, denne ferja er gratis

Trass iherdige forøsk har ikkje Oddfrid Olsen frå Svelgen fått svar på om ho må betale for ekstraferja mellom Kjelkenes og Florø.

Ferja Eid

Det er ferja Eid som trafikkerer sambandet mellom Kjelkenes og Florø.

Foto: Terje Karlsen

Ho har ringt Firda Billag, trafikkopplysninga 177 og Fjord 1, og har fått andre til å søke på internett etter informasjon. Men svar har ho ikkje fått.

- Det er ingen som har kunne svare meg på om ferja er gratis, seier Olsen, lettare fortvila.

Får ikkje svar

For medan riksveg 614 mellom Bremanger og Flora er stengd, har Fjord 1 sett opp ekstraferje mellom kystbyen og Kjelkenes. Olsen meiner ho har gjort det ho kunne for å finne svar, men einaste svar ho har fått er rutetidene.

- Når eg ikkje kan følgje vegen frå Svelgen til Florø, og må ta ferje, så meiner eg vi må vite rutetider og om vi må betale, seier ho.

Den er gratis

Viseadministrerande direktør i Fjord 1, Svein Solheim, meiner dei har gjort nok for å opplyse om at ekstraferja er gratis.

- Når du set opp ekstrafjere på grunn av vegstenging, så er det gratis. Det skal ikkje betalast mellom Kjelkenes og Florø, seier han.