Rådet frå NAF er enkelt og klart:
- Skal du spare pengar på noko denne våren, ikkje la det vere på dekk. Dekk er noko av det viktigaste du har for å gjere bilturen trygg, seier leiar Øyvind Dvergsdal ved NAF i Førde.
- LES OGSÅ:
- Alle må bytte dekk
Om ikkje mange dagane går fristen ut for dei som har køyrd med piggdekk i vinter. Den første måndagen etter 2. påskedag må piggdekka vere skifta ut med sommardekk.
Men også dei som har køyrd rundt med piggfrie vinterdekk bør få fart på seg. For heller ikkje slike dekk eignar seg på vår og sommarføre.
For kvar varmegrad som kjem med våren vert dei piggfrie dekka farlegare og farlegare.
- Gummiblandinga i eit piggfritt vinterdekk er heilt forskjellig frå eit sommardekk. Eit vinterdekk vil bli heilt mjukt når det blir varmare, og blir då heilt ubrukelige. Dei mistar rett og slett veggrepet forklarar Dvergsdal.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Mange tek aldri av vinterdekka
Dvergsdal seier NAF opplever at mange aldri tek av dei piggfrie vinterdekka, men held fram med å bruke dei utover våren og sommaren.
Sjølv om det er lovleg er det langt frå lurt, og det kan fort bli farleg.
- Ein test har synt at heilt nedslitne sommardekk er betre på sommarføre enn eit bra piggfritt vinterdekk, seier Dvergsdal.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
VAL: Det er mykje å velje mellom når ein skal ha på nye dekk til sommaren. Men med god hjelp frå forhandlar eller NAF kan alle få rett dekk for sin bil.
Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK- Dreg ut piggane med tang
Folk sin iver etter å spare pengar gjer at nokre også går endå lenger. I staden for å skifte til sommardekk, tek dei tang og skrujern og fjernar piggane i vinterdekka.
- Dette er eit mildt sagt dårleg alternativ, seier Dvergsdal som trur dette har blitt gjort så lenge folk har brukt piggdekk i Norge.
Dette er ein praksis han gjerne skulle vore forutan.
- Ikkje spar pengar på dekk
ÅTVARAR: Sjølv om det kan koste litt meir, meiner Øyvind Dvergsdal ved NAF i Førde folk gjer lurt i å bruke litt pengar på dekk.
Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRKDen klare oppmodinga frå NAF er at folk må bruke litt pengar på dekk. Dekk er trass alt noko av det viktigaste for at bilen skal vere trygg.
- Er du oppteken av tryggleiken for både deg sjølv og andre på vegane så brukar du litt pengar på dette. Kjøper du dei billegaste dekka, får du dekk deretter, seier Dvergsdal.
- Dekk kan fort vere skilnaden på liv og død
Sjølv om du ”berre” skal køyre til og frå butikken eller skal køyre ti mil til og frå jobb er rådet det same.
- Få tak i dekk som fyller krava og som er gode og trygge. Då er du best rusta for alle situasjonar, seier Dvergsdal og legg til:
- Sett at du må bremse for ein unge som spring ut i vegen. Dei metrane som er skilnaden på bremselengda på eit skikkeleg sommardekk og eit piggfritt vinterdekk, kan fort bety skilnaden på liv og død, seier Dvergsdal.
- Du kan få hjelp
Men i jungelen av dekk å velje mellom er det ikkje berre, berre for den vanlige mann i gata å finne ut kva dekk som er best for akkurat din bil.
Dvergsdal meiner det likevel ikkje er grunn til å fortvile, heller ikkje for dei som sjølv meiner dei har ”null peiling”.
- I vognkortet ditt fin du både dekk og felgdimensjon. Ein dekkforhandlar eller NAF kan også hjelpe deg med å finne dei dekka som passar din bil.