I Høyanger er reaksjonane sterke på Hydro sin nedbemanning. Men Hydro gjer berre det eigarane og marknaden krev.
- Marknaden reagerer veldig positivt på det. Det er krav om meir effektiv produksjon og då trengs det større einingar. Så sånn sett er det eit bra tiltak for Hydro-aksjonærane, seier Olaisen.
Sterke reaksjonar i bygda
Etter hundre år med aluminiumsproduksjon og industrihistorie i bygder som Høyanger ser folk korleis Hydro vender dei ryggen.
- Eg tykkjer det er rått, rett og slett, seier Dag Andre Nesse som frå hausten kan stå utan jobb.
Handlekraft
Men det som han og mange andre ser på som råskap, ser marknaden på som handlekraft. For eigarane som krev langsiktig lønnsemd, er dette som musikk i deira øyrer.
- Det er viktig for den langsiktige utviklinga til Hydro at dei tenkjer kommersielt og etter bedriftsøkonomiske prinsipp, seier Olaisen.