Hopp til innhold

- Opphaldet på Firda vgs er det beste som har skjedd meg

– Det er trist viss dei skal bygge ned skulen. Tida der som elev la eit uvurderleg grunnlag for meg.

Toralv Maurstad i spissen for kampen for Firda vgs.

JA TIL SKULEN: Toralv Maurstad er ein av mange kulturkjendisar som har skrive under på eit brev til støtte for Firda vidaregåande skule på Sandane.

Foto: NRK / Lise Åserud, Scanpix (montasje)

Den 87 år gamle skodespelaren Toralv Maurstad har kasta seg inn i kampen for å unngå nedbygging av Firda vidaregåande skule.

Fylkesrådmannen har i sitt forslag til skulebruksplanen foreslått å kutte media og kommunikasjonslinja ved skulen og flytte den.

Glede

– Eg minnast tida ved Firda vidaregåande skule med glede, seier ein oppglødd Maurstad.

Maurstad har saman med blant andre Eva Weel Skram, Terje Lyngstad, Sigrid Moldestad, Laila Beathe Førde og Roger Allan Ivin skrive under på at kulturutdanningstilbodet ved Firda vidaregåande skule har vore avgjerande for karrieren deira.

– Eg hugsar godt at far min sa til meg; "Gled deg gut, eg har fått deg inn på Firda landsgymnas i Nordfjord!". Då gret eg jo ei veke. Så sette far min meg på bussen til Sandane med ein kasse sardinar. Det skulle jo vise seg å vere det beste som har skjedd meg.

Gode minner og livslæring

Skodespelaren har tallause anekdotar om tida frå Sandane. Maurstad fortel om masse sport og fjellturar, og ettersom det var okkupasjon kom han saman med nokre gutar som leika heimefront og stal frå tyskarane.

– Men det som var viktig var at heile verdiskalaen min vart heilt endra. Eg hugsar at vi hadde dans og kino i Vonheim. Eg hadde jo lært meg foxtrot, men i Vonheim var det berre å kaste blådressen og lære seg reinlender. Verdiskalaen var annleis. Eg fekk eit anna syn på kva som var viktig.

Maurstad meiner tida ved skulen har hatt stor innverknad på den karrieren han har hatt fram til dags dato.

– Ungdomstida formar ein. Eg skulle jo til teateret og spele alle typar menneske. Eg var mykje på Bryggja og bestemor og bestefar. Eg levde ungdomstida mi i eit heilt anna miljø enn det eg vaks opp i. Dermed fekk eg ein heilt anna verdiskala, og det kom godt med.

Fekk roller

Toralv Maurstad meiner også han kan takke skuletida for mange av rollene han har fått.

– Det er klart at eg har fått roller på bakgrunn av erfaringane frå Firda. Det er klart at når eg skulle spele ein diktarar som fortel om bønder og folk som har heilt anna livsførsel, som Dunn og alle dei store diktarane. Ein må ha greie på folk ein skal spele. Ein kan ikkje berre ta dei ut av fantasien.

Oppvekst og kunnskap til miljø. Eg var så heldig at eg fekk begge delar. Noko av det viktigaste som har skjedd meg.

Eg synest generelt det er uheldig at ein byggjer ned kultur. Vi skal alle lære det same, alle blir så like. Vi må ha sjansen til å lære oss nye ting.