Tore Hågård, avdelingsleiar ved Sogndal Barne- og Ungdomspsykiatri
Foto: Privat- Ungdomsfylla er eit samfunnsproblem, med alt det fører med seg av vald, farleg trafikkåtferd, uønskte seksuelle opplevingar og overgrep. Vi i BUP opplever det når 14-15 år gamle jenter sit der med skadar dei slit med etter noko som skjedde i fylla.
- Speiell status for ungdomen
Mange festivalar og konsertar har aldersgrense på 14-15 år for å kome inn, men der er eigne område der ein sel alkohol med 18-års aldersgrense for å kome inn. Dette vil barne- og ungdomspsykiateren til livs. Han vil ha 18-års grense på heile arrangementet.
- Eg trekkjer spesielt fram Parken i Gaupne, fordi eg meiner arrangementa der er med på å byggje opp under ungdom sin rusbruk, og har ein spesiell status. Omtrent som natt til 1. og 17. mai. Det skal drikkast, og det skal drikkast mykje. Parken tiltrekker seg ungdommar frå heile Indre Sogn - heilt ned i 13-14 års-alderen, seier han.
- Første festoppleving
Lensmann i Luster, Asle Karoliussen
Foto: NRKPolitiet stadfestar det Hågård seier. Lensmann Asle Karoliussen i Luster har registrert at ungdom langt under 18 år drikk seg overstadig rusa i samband med arrangement i Parken.
- Vi såg det sist under DDE-konserten tidlegare i år, og no kjem Vassendgutane i helga. Det har blitt ein tradisjon at mange ungdomar får festdebuten sin under eit arrangement i Parken, og dei har ofte sin første kontakt med mykje alkohol der, seier lensmannen.
- Ikkje noko alternativ
Styret i Parken har diskutert 18-års grense for heile området, men fann ut at det ikkje var noko alternativ for dei. Det seier Einar Øvregard i Parken-styret til Sogn Avis.
- Eg trur ikkje ei slik grense ville løyst problemet med ungdomsfyll, for dei hadde nok drukke utanfor området uansett.
Parken har operert med ei aldersgrense på 15 år, men lar yngre kome inn i følgje med føresette.
- For ungdommen opp til 18 år er vi eit tilbod for ei gruppe utan så mykje anna tilbod. Og så sant det ikkje blir for problematisk, vil med halde fram med å sleppe dei inn.
Foreldreansvar
Avdelingsleiaren ved Sogndal Barne- og Ungdomspsykiatri trekkjer også fram foreldra sitt ansvar.
- Alkoholforbruket blant ungdom har gått opp, spesielt blant jenter. Foreldra har ei viktig oppgåve som oppdragarar. Dei må følgje med på kva ungdomen driv med, og jamleg halde kontakt med dei på mobiltelefon.
Avtal innetid med dei, og ver oppe når ungdomen kjem heim. Eller køyr og hent dei på festlokalet eller busstasjonen, er oppfordringa til foreldra.