Hopp til innhold

Skulda ordførarkandidat for å ville leggje ned sjukehuset i Eid

Sjukehusaksjonen i Nordfjord skulda ordførarkandidat for å ville leggje ned sjukehuset i Eid. No kjem dei med ei orsaking.

Skulda ordførarkandidat for å ville leggje ned sjukehuset

NETTSIDA: Slik såg nettsida til Sjukehusaksjonen i Nordfjord ut fredag. Meldinga er no endra.

Foto: Skjermdump frå www.sjukehusaksjonen.org

Bakgrunnen for skuldingane mot Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat i Vågsøy, er kritikken ho kom med om den SMS-baserte innsamlinga som sjukehusaksjonen har sett i gong.

«Ordførarkandidat i Vågsøy vil legge ned sjukehuset» skreiv Sjukehusaksjonen på sine nettsider på fredag.

- Det er både useriøst og ubehageleg å bli framstilt feil på denne måten, seier ordførarkandidat Kristin Maurstad (Ap) til NRK.no.

Var kritisk til pengeinnsamling

Sjukehusaksjonen i Nordfjord har varsla at dei vil gå til sak mot Helse Førde for å tvinge dei til å oppretthalde ortopeditilbodet ved Nordfjord sjukehus. Men det kostar pengar.

Fleire personar regionen har i seinare tid motteke ein SMS frå Sjukehusaksjonen der dei blir oppmoda om å støtte opp om sjukehuskampen med å gje pengar. Maurstad som var ein av mottakarane oppfatta tekstmeldinga som ei oppmoding om å setje inn 3600 kroner.

På sin eigen Facebook-profil stempla ho dette som useriøst og stilte store spørsmål med framgangsmåten til aksjonsgruppa.

– Eg stiller spørsmål ved om folk faktisk er klar over kva pengane konkret skal gå til og eg reagerer på framgangsmåten, seier Maurstad.

«Vil legge ned sjukehuset»

Det kritiske utspelet til ordførarkandidaten vart gjort kjent både på NRK radio og på NRK Sogn og Fjordane sin nettsider. Dette fekk styremedlem i Sjukehusaksjonen, Jan Eide til å sjå raudt.

På heimesida for aksjonen publiserte han følgjande melding.

Ordførarkandidat i Vågsøy vil legge ned sjukehuset.
Kristin Maurstad i Vågsøy stiller seg kritisk til verving av medlemar. Ikkje kan ho lese heller. Medlemskontingenten er kr 100,-. Men sjølvsagt kan ho gje meir som gåve slik som styret i sjukehusaksjonen har gjort.

http://sjukehusaksjonen.org/

– Dette er ikkje sant

Kristin Maurstad

UBEHAGELEG: Ap sin ordførarkandidat i Vågsøy opplevde skuldinga som ubehageleg.

Foto: Trond Vestre / NRK

Maurstad opplever skuldingane om at ho vil leggje ned lokalsjukehuset som både useriøse og ubehagelege.

- Det er slett ikkje sant. Det eg tok opp på fredag handla ikkje om dette i det heile teke, seier Maurstad og legg til:

- Dei har konkludert med noko utan grunnlag, og kvifor dei ønskjer å gjere det må dei sjølv svare for.

Sjukehusaksjonen beklager

Styremedlem i Sjukehusaksjonen, Jan Eide, vedgår at det kritiske utspelet gjorde han svært opprørt. Han meinte det Maurstad sa i intervjuet var i same tyding som at ho ville leggje ned sjukehuset.

- Eg opplevde at Maurstad gjekk ut og gav inntrykk av at alle som skal gje pengar til aksjonen må gje 3600 kroner, og då vart eg forbanna, seier Eide.

Han held fast ved at det går tydeleg fram av tekstmeldinga at medlemskontingenten er 100 kroner. At Maurstad opplever framferda hans som useriøs har han følgjande kommentar til.

- Det er mogleg det er useriøst, eg har ikkje peiling på kva folk tenkjer. Men det vart gjort i forbanninga når ho kom med slike opplysningar.

- Du seier du fekk følelsen av at ho ville leggje ned, men er det då rett å skrive at ho vil leggje ned?

- Det er min feil, så eg kan berre beklage at det vart gjort. Men det er no retta opp.