Hopp til innhold

- Hastar med eksperthjelp

Ei verdifull kunstsamling i Bergen har stått utan eksperthjelp i over 100 år.

Video Kinakunst

Vestlandske Kunstindustrimuseum har 4000 skattar frå Kina. Nokre har stått her sidan 1907, men museet har aldri hatt midlar til å tilsetje nokon som kan fordjupa seg i den enorme Kina-samlinga.

Jorunn Haakestad

Jorunn Haakestad, avdelingsdirektør ved Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum

Foto: Ingrid Losnegaard/NRK

- Ingen har vore Kina-ekspertar. Synet på kva ein ekspert er, har også endra seg sidan 1907. No går det nesten ikkje an å nærma seg dette utan å kunna kinesisk, seier Jorunn Haakestad, avdelingsdirektør ved Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum.

Behovet viste seg ved tjuveri

Behovet for ein ekspert blei ekstra tydeleg då tjuvar stal 56 gjenstandar før jul.

- Det ville gjort oss betre i stand til å samhandla med andre ekspertar når gjenstandane skulle takserast, seier Haakestad.

LES MEIR: – Dette er verste siden Munch-ranet

Kunsttyveri av kinasamlingene

Over 50 ting blei stole frå Kinasamlinga til museet i desember.

Foto: Bengt Roger Kåven / NRK

LES OGSÅ: Politiet sjekker Enger-sporet

- Hastar med å få ein kinaekspert

Gjenstandane utgjer ei av Europas største Kina-samlingar, og landet dei kjem frå, speler ei stadig viktigare internasjonal rolle. Haakestad meiner det hastar med å få tilsett ein ekspert. Men då er dei avhengige av økonomisk samarbeid med staten og private aktørar.

- Det er andre enn museet som ser behov for god samhandling med Kina. Me må få kontakt med desse miljøa, og saman kan me kanskje prøva å få opp kvaliteten på forvaltninga av ho, seier avdelingsdirektøren.

Kinakunst
Foto: Ingrid Losnegaard/NRK