Aktor Bjørn Soknes. Foto: Cosmin cosma, NRK
- Det Hashin sa i avhøyret 13. og 14. januar var ikkje spesielt lurt, men det var ærleg, sa aktor.
Forsvararen prosederer på tolkefeil
Forsvarar Herman Hoff la i sin prosedyre stor vekt på at Hashin vart omsett feil i det første avhøyret politiet gjorde med han. Eit opptak som vart vist i retten og som to tolkar har gått gjennom, viser at Hashin der seier at han berre rørde ved kjønnsorganet til Hedda, ikkje at han stakk fingrar inn i kjønnsorganet, slik tolken omsette han for avhøyrsleiaren.
- Avviste han fordi han laug
Aktor Bjørn Soknes la stor vekt på den konflikten som oppstod mellom Hedda Karterudseter og Hassan Samriye Hashin då ho fekk vite at han var gift. - Det er ført vitne på at ho reagerte på dette ved å avvise Hashin, og at denne avvisinga gjorde han aggressiv. Hedda hadde tidlegare spurt han om han var gift. Det viser at dette var viktig for henne. Då det viste seg at han hadde loge for henne, avviste ho han. Fram til denne kvelden, onsdag 27. oktober 2004, hadde dei to eit forhold som iallfall var eit venskapsforhold, dei sende hyppige sms-ar til kvarandre. På konserten på utestaden Meieriet fekk ho vite av kameraten at Hashin var gift, og det oppstod ein konflikt mellom dei to, sa Soknes.
- Ikkje tid til å treffe gutar
Soknes sa at det er usannsynleg at Hedda hadde treft to gutar og blitt med dei, slik Hashin har forklart. - Det var rett og slett ikkje tid til dette, sa han. Soknes meinte elles at det som skjedde inne på rommet til Hedda, skjedde svært raskt og med det same dei kom inn på rommet. - At ho skulle ha lagt seg opp i senga og akseptert ein slags gynekologisk undersøking trur vi ikkje på, sa aktor. Hashin har forklart at han ville undersøke om ho hadde hatt sex med dei to gutane han har påstått Hedda vart med.
- Føremålet var samleie
- Det at Hashin delvis kledde av Hedda viser at han var ute etter noko seksuelt. Det er svært sannsynleg at det er Hashin som har avsett bitemerka på kroppen til Hedda, og at det har skjedd der og då på rommet til Hedda. - Han kom så langt at han fekk brukt fingrane, men ikkje så langt at han fekk gjennomført samleie, for då var Hedda død. Føremålet hans var å gjennomføre eit samleie. Men det å bruke fingrane inne i kjønnsorganet er like mykje valdtekt som eit fullbyrda samleie, sa Soknes i sin prosedyre.
Forsvarar Herman Hoff Foto: Cosmin Cosma, NRK
- Trur ikkje på Dauda
Forsvarar Herman Hoff sa i sin prosedyre at han ikkje festar lit til det vitnet Nura Dauda sa om konflikt mellom Hashin og Hedda. - Det Dauda har forklart her i retten er svært ulikt det han sa i politiavhøyra rett etter drapet. Slik eg ser det, var det ein konflikt mellom Hashin og ein kamerat av han, kameraten som fortalde Hedda at han var gift. At Hedda var sint og lei seg gjekk ikkje fram av politiavhøyret. Tvert imot har Dauda der forklart at ho var blid og glad, sa Hoff.
- Kan ikkje avvise at dei trefte gutar
Når det gjeld dei to gutane Hashin hevdar Hedda vart med då dei gjekk til folkehøgskulen om natta, så meinte Hoff at politiet ikkje hadde gjort nok for å finne ut av dette. - Det var berre gjort ei rundspørjing blant elevane på folkehøgskulen. Vi kan ikkje avvise at Hashin snakkar sant på dette punktet, sa forsvararen.
- Kardinaltolkefeil
- Tolken som vart brukt i det første avhøyret av Hashin gjorde ein kardinalfeil når han omsette det Hashin sa om kva han gjorde med kjønnsorganet til Hedda. Hashin sa at han rørde ved kjønnsorganet med handa, medan tolken omsette det til at han hadde fingrane inne i kjønnsorganet, sa Hoff. Når han så blir spurt om kor langt inne fingrane var, svarar Hashin at det kan han ikkje svare på. Ut frå opptaka vi har sett i retten må vi legge til grunn at han berre har fortalt at han strauk Hedda over kjønnsorganet. Iallfall er det ikkje overveiande sannsynleg at han stakk fingrane inn i kjønnsorganet, og det må vere overveiande sannsynleg for at Hashin skal kunne dømmast for valdtekt, sa forsvarar Herman Hoff.
Høgtlesing frå leksikon
Hoff brukte mykje tid på å definere kva som er seksuelle overgrep i juridisk forstand, og gav også juryen ei grundig innføring i den kvinnelege anatomien - han las mellom anna opp eit langt utdrag frå eit leksikon. Dette fekk dommar Carl Petter Martinsen til å avbryte han og be han halde seg til det juridiske og avstå frå høgtlesing frå leksikon.
- Bitemerka ikkje relevante
Forsvararen meiner at dei bitemerka som vart funne på kroppen til Hedda ikkje treng vere relevante for tiltalen om valdtekt. - Dersom det er Hashin som har bite, så kan det godt ha vore noko han gjorde i sinne. Han var sint og sjalu, han var ikkje ute etter sex, sa Hoff.