- Fylkesmannsbloggen er upassande

Professor meiner det er uheldig og upassande at fylkesmannen har eigen blogg.

Oddvar Flæte

Fylkesmann Oddvar Flæte får kritikk av professor i offentleg rett Jan Fridthjof Bernt for fylkesmannsbloggen sin. Flæte vedgår at det ikkje er problemfritt å bloggen om samfunnsaktuelle tema som fylkesmann. Arkivfoto.

Foto: Rune Fossum/NRK

- Det er ikkje bra om fylkesmannen og hans medarbeidarar publiserer meiningar, og legg føringar for viktige i saker i bloggformat, meiner professor i offentleg rett Jan Fridthjof Bernt.

Sei di meining her;

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Er ei embetshandling

Det er avisa Bergens Tidende som skriv om saka i dag.

Bernt seier bloggen må sjåast på som ei embetshandling.

Slik er bloggen til fylkesmannen.

- Den er representativ for kva embetet står for, meiner professoren som trekkjer inn eksempel med fylkeslege Petter Øgar sine bidrag på bloggen.

Må vere varsomme

- Dette gjeld også fylkeslegen. Dermed må han vere svært varsom med å flagge noko som helst standpunkt på førehand.

Øgar har denne veka skrive eit innlegg om sjukehusstrukturen i fylket, og han kom med krass kritikk av både sjukehusaksjonistar og styret i Helse Førde.

Fylkeslegen om helsetenestene

Kritisk

Petter Øgar

Fylkeslege Petter Øgar er ein av dei tilsette hjå fylkesmannen som skriv på bloggen. Han har ytra seg tydeleg om kva han meiner om mellom anna spesialisthelsetene i fylket. Arkivfoto.

Foto: Oddleif Løseth / NRK

Bernt seier til avisa at han er kritisk til denne typen for kommunikasjon frå staten sine representantar ute i fylka, og han ser store prinsipielle problem med dette.

Professoren poengterer at fylkesmannen er ein overordna kontroll - og klagefunksjon i mange kontroversielle saker, og at risikoen er stor for at embetet kan sakene inn som klage eller tilsynssaker.

Krevjande for fylkesmannen

Fylkesmann Oddvar Flæte ser at bloggen dei oppretta i september ikkje er ei heilt problemfri sone.

- Eg ser godt problemstillinga, og veit at dette er krevjande, seier han.

Bloggen er eit forsøk på at dei som arbeider hjå fylkesmannen skal kunne skrive litt ledigare om varierte samfunnsspørsmål.

Var sjølv kritisk

- Vi skal ikkje ytre oss om politikk, men vi er på den andre sida sett til å sikre at innbyggjarane i fylket får dei tenestene dei har rett på, seier Flæte.

Flæte om sosiale media

Tidlegare i haust var fylkesmannen sjølv kritisk til at Jølster kommune ikkje vil opprette asylmottak i kommunen. Dette vart lagt ut på bloggen der folk kan skrive innlegg om emna som vert tekne opp.