Trude Brosvik er ordførar i Gulen.
Gulen-ordføraren kan ikkje forstå at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har rett til å nekte kommunen å bruke eigne pengar til vegbygginga.
Kan ikkje bruke «naudpengar»
Sist veke vedtok fylkestinget å byggje fylkesvegen mellom Sollibotn og Dingja i Gulen, ein veg som kostar om lag 20 millionar kroner. Men det er eit vilkår at Gulen kommune betalar 7 millionar kroner av denne summen.
Og det er eit faktum at Gulen er ein såkalla ROBEK-kommune, som dei siste åra har fått ekstra hjelp til å få kommuneøkonomien på beina att. Ekstrahjelpa har kome i form av såkalla skjønsmidlar. Men i eit brev til Gulen skriv Fylkesmannen at han må vurdere å kutte i desse skjønsmidlane dersom Gulen ser seg råd til å vere med og betale vegen til Dingja.
Fylkesmann Oddvar Flæte.
Har pengane i fond
For Gulen har sju millionar kroner på eit fond - akkurat nok til eigendelen på Dingjavegen. Fylkesmann Oddvar Flæte vil ikkje kommentere saka nærare før han har fått finlese kva politikarane i Gulen kjem fram til. Kommunestyret skal ta stilling til saka i dag, måndag, og ordførar Trude Brosvik vil tilrå ei heilgardering.