Hopp til innhold

- Forkasteleg

Erik Solheim meiner forsøket på å få til ein omkamp om strynevassdraget er forkasteleg.

Erik Solheim
Foto: Torje Bjellaas / NRK

- Dette tykkjer eg er destruktiv politikk, og det er jo framfor alt destruktivt i dette landskapet og denne naturen som vi ikkje finn andre stader i verda, seier tidlegare leiar i Naturvernforbundet , Erik Solheim.

Solheim føler seg trygg på at det ikkje vil bli fleirtal for å oppheve det 20 år gamle vernevedtaket.

- Dette får dei ikkje til. Det har aldri skjedd før at nokon har fått lov til å byggje ut store kraftverk i slike vassdrag, seier han og rustar seg til kamp.