Hopp til innhold

- For lite til eigen region

Tidlegare fylkesrådmann i Sogn og Fjordane, Svein Lundevall, meiner Sogn og Fjordane må verte ein del av ein større region.

Han meiner fylket vert for lite og vil få for små oppgåver ved å stå åleine. Dessutan ser han at den sterke fylkesidentiteten har svekt seg.

 

Om eit par månader legg kommunal- og regionalminister Åslaug Haga fram regionmeldinga. Ho vil ikkje bli overraska om Sogn og Fjordane kom fram til at fylket bør halde fram som ein sjølvstendig region.

Men Lundevall trur fellesskapstanken om fylket har svekt seg dei siste 10-15 åra. Han har analysert oppslutnaden om kommune- og fylkestingsvala fram til 1999. Og oppslutanden er dalande.

- Ved å vere del av ein større region får vi meir makt til å bestemme, både over oss sjølve og til å påverke sentrale styresmakter, trur Lundevall.