Hopp til innhold

- Fokus på Simon

Solidaritetshandlinga for Simon forsvarar handlinga til faren til Simon..

Underskriftsaksjon for Simon
Foto: Simon Solheim/NRK

Utlendingsnemnda har opplyst at faren til Simon, Fkade Thaye, filte fingertuppane sine for at ikkje fingeravtrykk skulle vise at han kom frå Italia.

– Fokus på Simon

Kåre Leif Hollevik i Solidaritetshandlinga seier dei har konsentrert seg om Simon og hans rettar.

– Vi har hatt eitt fokus. Simon har vore i Florø i eitt og eit halvt år. Han har gått på skule her, han er blitt integrert. her er det eit barn som har rettar i forhold til Barnekonvensjonen og som ein ikkje berre kan kaste ut.

Protestane mot at ni år gamle Simon og faren vart kasta ut av landet har vore svært sterke i Florø. Famleis kjempar støttegruppa for at far og son skal kome attende frå Italia, der dei no oppheld seg under uverdige forhold.

Men saka har teke ei ny vendig etter den nye informasjon om at faren har prøvd å lure norske styresmakter. Informasjonssjef Bjørn Lyster i Utlendingsnemnda viser mellom anna til at Simons far har prøvd å skjule bevis for å få bli i Norge.

– Har ikkje lagt korta på bordet

– Han hadde skadd fingertuppane sine, og han opplyste ikkje om sitt tidlegare opphald i Italia. Først seinare, då det var mogeleg å ta fingeravtrykk igjen, vart det treff på at han hadde vore i Italia, og først då han vart konfrontert med dette, sa han at han hadde fått eitt års opphald der. Det er heilt klart at her har vi ein som ikkje har lagt korta på bordet.

– Skal opptre ærleg

Kåre Leif Hollevik føler seg ikkje førd bak lyset av faren til Simon.

– Eg er veldig samd i at asylsøkjarar skal opptre korrekt og ærleg. Men då Fkade og Simon kom til Italia etter ei farefull ferd over Middelhavet vart dei avkrevde fingeravtrykk for å få mat. Seinare var det ei skjemaregistrering som dei ikkje oppfatta som ein asylsøknad. For oss er det ikkje ei uetisk handling, vi kjenner oss ikkje lurde. Fkade har oppført seg slik ein far skal oppføre seg mot barnet sitt.


Ordføraren angrar ikkje

Bente Frøyen Steindal
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Ordførar i Flora, Bente Frøyen Steindal, har engasjert seg sterkt i Simon-saka, og var mellom anna med på ein protest-tur til Oslo for å tale 9-åringens sak. Men sjølv om Simons far har prøvd å lure Norske styresmakter angrar ikkje Frøyen Steindal at ho har engasjert seg sterkt i saka.

– Nei, det angrar eg ikkje på at eg var med på. For her har vi ein gut på ni år som har gått på skule i Florø og var godt integrert.

– Men kva synest du om at faren til Simon har filt fingertuppane sine for å kome seg inn i Norge og dermed til Florø.

– Eg veit ikkje kva som ligg bak, så det er det vanskeleg for meg å uttale meg om kvifor det har skjedd.