Hopp til innhold

- Flaks hindra oljekatastrofe

Sjølv om alt tyder på at kysten går klar oljen som lak ut frå Statfjordfeltet er det truleg berre flaksen som berga oss.

Statfjord A
Foto: Øyvind Hagen

- Berre flaks har gjort at oljeutsleppet frå Statfjord ikkje har ført til ei stor oljekatastrofe, seier forskar Magnar Reistad ved meteorologisk institutt.

Små mengder

Reistad seier at med ein annan vertype kunne situasjonen blitt dramatisk, men sjølv om kysten ser ut til å gå klar det verste er det fortsatt fare for mindre oljepåslag på strendene i Sogn og Fjordane.

- Det vil nok gå fire fem dagar før ein kan sjå noko, men eg trur det vil bli snakk om veldig små mengder om oljen skulle treffe land, seier han.

Krev gjennomgang

Trass i at det blir bevilga store beløp på oljevern så hadde ein ikkje sjans til å samle opp dei nesten 4.000 tonn råolje som lak ut onsdag frå Statfjord A-plattformen. I staden var det naturen sjølv som berga oss med gunstig vindretning og høge bølgjer. I dag kjem olje og energiminister Åslaug Haga til Florø og utsleppet rett utanfor kystbyen må bli eit tema. Gunnar Kvassheim krev at ho syter for ein full gjennomgang av kvifor ein står makteslause mot eit slikt utslepp.

- Det må setjast fullt trøkk på opprydding og førebyggjing av moglege skader både til havs og langs kysten. Det må setjast i gong ei gransking både i regi av selskapet og ei uavhengig gransking for å sjå korleis det er mogleg at eit slikt utslepp kan finne stad, seier han.

Må unngå oljeboring

- Det er heilt avgjerande å vurdere korleis oljevernvernberedskapen fungerte, eller rettare sagt ikkje fungerte i dette tilfellet, seier Kvassheim.

Kvassheim seier at ein kanskje berre må innsjå at ein ved enkelte høve har lite å stille opp med når det skjer oljeutslepp langt til havs, og at ein difor må unngå oljeboring i utsette områder.