Hopp til innhold

- Ferjene må gå kvart 20. minutt

Fjord1 er størst på ferjedrift i landet og tek no til orde for at folk skal sleppe å vente på ferja. – Ferjene bør gå kvart 20 minutt, seier konsernsjefen.

Leiv Øverland og ferje

HYPPIGARE: Leif Øverland i Fjord1 vil at ferjene skal gå hyppigare. Avgang kvart 20. minutt bør bli regelen på stamvegar, seier han.

Foto: Montasje (Hurtigruten Group ASA/NRK)

Leif Øverland som er konsernsjef i Fjord1 meiner det er for dårleg flyt i trafikken ved mange av ferjesambandane og ønskjer hyppigare ferjeavgangar, skriv Sogn Avis.

Han er klokkarklar på at det er feil bruk av både tid og pengar at folk skal måtte vente på ei ferjekai.

Øverland opplever at samferdslepolitikarane snakkar mykje om kva som skal skje om 20 og 30 år, men er oppteken av at det må skje noko for dei reisande som skal fram i dag.

– Vi må ha planar om store infrastrukturprosjekt, men det er nokon som skal heim til middag i dag, eller rekkje fotballtreninga. Då hjelp det lite at trafikken flyt dårleg i dag, seier Øverland til NRK.no.

– Eg blei nesten sjokka

Sjølv om mange av dei store sambanda langs E39 mellom Stavanger og Trondheim i dag har halvtimesavgongar, let ikkje Fjord1-sjefen seg imponere. Øverland kjem sjølv frå Austlandet, og seier den lange ventetida overraska han då han kom til Vestlandet for snart tre år sidan.

– Eg blei nesten sjokka. Dette hadde ikkje blitt akseptert på Austlandet. At det ikkje på ein stamveg som E39 er 20 minutts frekvens, seier han til NRK.no.

Fjord1-sjefen har sjølv opplevd at tida har snegla seg av garde medan han venta på ferja. Sambandet Vangses-Hella ved Sognefjorden blir skildra som ein versting, der går ferja i praksis ein gong i timen. Øverland seier til Sogn Avis at han sjølv har måtte vente her i over ein time.

Vil kvitte seg med rutetabellane

Han forstår svært godt at folk irriterer seg over å måtte vente på ferjene, og håpar ein i framtida skal kunne kvitte seg med rutetabellane.

– Det er avleggs, dei må vi brenne, seier Øverland til NRK.no.

Som sjef for landets største ferjeselskap vil han no ta til orde for at det skal bli hyppigare avgangar, spesielt på stamvegane.

– Eg vil ha eit reindyrka konsept som brukarane kan halde seg til. Eg meiner vi må vere så ambisiøse at på stamvegar skal ferja gå kvart 20 minutt som ein grunnregel, seier Øverland til NRK.no.

– Dette kan ein byggje ut i løpet av tre til fem år, ikkje 20 år, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fodnes med ferje

OFTE: På ferjesambandet Fodnes-Mannheller på riksveg 5 i Sogn går ferja kvart 20. minutt på dagtid.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

To tankar samtidig

For ferjesjefen har også fått med seg debatten om bruer og tunnelar som om nokre skal kunne erstatte ein del av ferjene over fjordane. Øverland seier ein sjølvsagt skal ha slike langsiktige planar, men meiner politikarane må klare å ha to tankar i hovudet samtidig.

Han peikar på at det i dag er mange som får problem på grunn av manglande trafikkflyt, og at ein kan gjere noko med dette før dei store samferdsleprosjekta er på plass på lang sikt.

– Det er heilt rart at ein aksepterer dette i Distrikts-Norge. Det er greitt for turistar når det er fint vêr og flott natur, men vi snakkar også om vanlege folk som skal på jobb, seier Øverland.

Også med tanke på trafikktryggleiken trur Øverland at ein vil kunne sjå gevinst med hyppigare avgangar.

– Eg har merka det sjølv at det blir ei jag. Ein skal rekkje neste ferje, og ein ser stygge forbikøyringar. Det er ikkje bra, seier konsernsjefen til NRK.no.

Ber politikarane vere tøffare

Øverland framhevar ferjesambandet Mannheller-Fodnes på riksveg 5 i Sogn som eit godt eksempel. Her går ferja på dagtid med 20 minutts mellomrom.

No kastar han ballen vidare til samferdslepolitikarane. Han meiner dei bør krevje meir når dei legg ut ferjesamband på anbod.

– Politikarane kan vere langt tøffare, dei bør utvide den pakken dei inviterer til tilbod på. Vi er der med personell og materiell i alle fall, det kostar ikkje svært mykje meir, seier Øverland til Sogn Avis.