Hopp til innhold

- Fakkeltog styrer helsepolitikken

Sjukehusaksjonistar bør heller diskutere innhald i sjukehusdebatten, i staden for plassering. Det meiner kommunikasjonsdirektør Bjørg Sandal i Helse Vest.

Informasjonsdirektør Bjørg Sandal
Foto: NRK

Ho meiner at sjukehusaksjonistar som arrangerer fakkeltog for ofte heng seg opp i at lokalsjukehus skal bli verande, framfor å diskutere kva det skal innehalde.

- Eg etterlyser ein debatt om kva sjukehusa skal vere i åra framover.

- For å spissformulere det litt. Gårsdagens tilbod i sjukehusa strekk ikkje til i overimorgon.

Høyr Bjørg Sandal om fakkeltog og engasjement