Sunnfjord Miljøverk gjer dette for å sleppe unna store bøter frå Statens Forureiningstilsyn. I dag går matavfall rett på dynga, men frå 1. desember er det ulovleg å lagre denne typen avfall.
Til Møre for å unngå bøter
Miljøverket har fått varsel om tvangsmulkter i millionklassen fordi dei ikkje har tilfredsstillande ordningar for sortering av matavfall. Men bøtene kjem ikkje til å bli betalte, seier dagleg leiar for Sunnfjord Miljøverk, Håkon Grepstad.
Og for å unngå bøtene vil no alt restavfall, inkludert matavfall, bli frakta i containerar til Møre og Romsdal. For alternativet til sortering og deponering er at restavfallet vert brent opp. Ein fullasta trailer med avfall skal kvar dag køyrast frå Hesjedalen til forbrenningsanlegget på Averøya i Møre og Romsdal. Det betyr at 500 tonn i månaden skal fraktast 32 mil. Dette reagerer Solheim kraftig på.
- Må sortere
Erik Solheim
Leiaren i Naturvernforbundet meiner Sunnfjord Miljøverk må ordne opp i eigne problem. Solheim seier avfallet heller burde sorterast i våtorganisk avfall og restavfall. Restavfallet kan deponerast, og matavfallet kan sendast til Sogndal eller Florø der dei har anlegg som tek seg av slikt avfall. Då vert det mindre avfall å transportere og kortare avstand å køyre, seier han.
Dagleg leiar i Sunnfjord Miljøverk, Håkon Grepstad vedgår at å køyre boss 315 kilometer ikkje er spesielt miljøvenleg. Dei prøver likevel å leite etter bilar som i alle høve skal gå, og prøver å finne returtransport, seier han.