Hopp til innhold

Naturvernforbundet reagerer:

Informasjonen som er sendt ut til innbyggjarane i Solund om vindmøller er urovekkande, meiner Naturvernforbundet.

Vindmølle

FOLKERØYSTING: 27.desember startar folkerøystinga om vindmøller i Solund.

Foto: Bjørn Erlandsson / Scanpix

- Når eg såg heftet tenkte eg med ein gong at den som har sendt det ut ønskjer ei utbygging, seier Elisabeth Dale i Naturvernforbundet til avisa Firda.

- Skikkeleg stygt
Mot Solund og øyane nordanfor

KAN FÅ MØLLER: Solund kan få fleire vindmøller om folk går inn for det.

Foto: Svanhild Asheim Smedmann

27.desember startar førehandsrøystinga om utbygging av vindmøller i Solund, og og kommunen har saman med eit konsulentselskap utarbeidd ei informasjonsbrosjyre som skal gjere det lettare for folk å ta eit standpunkt i saka.

- Det er dårleg og manglande informasjon. Det viser berre deira synspunkt. Dette er skikkeleg stygt, seier Dalen.

Knapt med tid får skulda

Kommunen vedgår at heftet kunne vore meir utfyllande, men viser til at tida mot røystinga har vore knapp, skriv avisa.

- Ein kunne ønskt at det var noko meir utfyllande informasjon der, og det er forståeleg at det kjem reaksjonar, seier Tore Arne Hauge ved plan og og utvikling i Solund kommune.

- Informasjonen tek for mykje plass

Han meiner dei har prøvd å unngå synsing i heftet, og ber folk om å sette seg inn i saka.

- Det ville teke for mykje plass om alt skulle vere med. Vi ønskjer at folk skal engasjere seg i denne saka, seier han til avisa.