Hopp til innhold

- Eg vil alltid vere alkoholikar

Eysteinn (29) byrja å drikke som tenåring. No er han rusfri, men framleis alkoholikar.

Anonyme Alkoholikere

Illustrasjon

Foto: Andreas Sundby / NRK

HØYR: Å leve med rus - del 4 - Eysteinn

- Eg vil alltid vere alkoholikar, sjølv om eg ikkje drikk. Det er som med rusmisbrukarar. Dei vil alltid vere rusmisbrukarar, sjølv om dei ikkje brukar rusmiddel, seier han.

Brydde seg ikkje

I dag går det i kaffi når han er på fest med kompisane. Det gjorde det ikkje då Eysteinn var tenåring. Men i motsetnad til kompisane, klarte han ikkje å slutte. På toppen av livet, med full kontroll, bar det rett utfor med alkoholen som besteven. Med alt av problem det kan innebere.

- Eg var ung og følte at eg hadde kontroll. Eg brydde meg ikkje om familie og vener som bad meg sjå kva veg det gjekk, seier han.

Forstod alvoret

Først då Eysteinn kom med i etterverngrupa, forstod han alvoret. Ein av medlemane sa at den dagen alkoholen skaper alvorlege problem, så er ein alkholikar.

- Då fall brikkene på plass og eg skjønte at eg var ein alkoholikar. For meg var alkoholikar ein som sit med termodress i sjarken, drikk raudsprit og snøvlar klokka 11 på føremiddagen. Eg trudde eg hadde alkoholproblem, seier han.

Er stolt i dag

- Enkelte må gå på ein smell kanskje sju gonger før dei til slutt lærer. Eg er kanskje av dei som lærer at kokeplata er varm etter å ha sett fingrane på den fleire gonger, ler Eysteinn.

I dag er han stolt over å ha kome ut av problema.

- Det er di avgjerd

Han skuldar på ingen andre enn seg sjølv. Eysteinn vil ikkje legge skulda på samfunnet, sosialkontoret eller ein vanskeleg oppvekst. Han blir provosert over å høyre alle som skuldar på alle andre enn seg sjølve for rusproblema.

- For meg som har gjort jobben å kome meg ut av det, så blir eg provosert. Alle kan klare det. Det er berre om å gjere å ville det nok. Det er du som avgjer om du skal drikke den øla, eller ta den jointen, seier han.

Takkar ettervernet

Eysteinn seier det var ei lett avgjerd å kutte alkoholen.

- Eg var nådd botnen. Avgjerda kom lett som juling. Det var verre å halde det, seier han og fortel at etterverngruppa vart redninga. Etter at avgjerda var teken kom den sosiale uroa og frykta.

- Om du ikkje då har nokon å snakke med, så ryk sikringen. Då er det stor fare for sprekk, seier han.