Hopp til innhold

- Det såg skikkeleg ille ut

Direktør ved Hauglandssenteret fortvila over dieselsølet.

9000 liter med diesel i Flekkefjorden

Direktøren på Hauglandssenteret vart fortvila då ho såg dieselsølet i Flekkefjorden søndag. Ho er redd for dyrelivet i området og korleis staden vil sjå ut til våren.

Foto: Inger Johanne Osland

- Det var grusomt. Det er ein fantastisk flott fjord vi har her, og det var trist då vi såg dieselsølet var kome i fjorden, seier Inger Johanne Osland, direktør ved Hauglandssenteret.

Hauglandssenteret ligg ved Flekkefjorden og er ein mykje besøkt stad for friluftsliv og badeliv.

- Eg tenkjer på livet i fjorden. Det kjem laks ned her frå elva, det er ein badeplass mange brukar og det er ein veldig fin stad for friluftsliv. Eg må vedgå at det såg ganske så mørkt ut i går.

Ho rosar dei tilsette som har arbeidd med lekkasjen søndag.

- Dei på teknisk avdeling gjorde ein kjempejobb, og fekk informert all som skulle ha informasjon om dette, seier Osland.

Senteret vil halde ope som normalt i dag, men Osland seier dei enno ikkje har fått opp temperaturen i bygga.

- Det er ikkje ein slik temperatur vi er vande med her enno, men det vil kome etterkvart i dag, seier direktøren.