Hopp til innhold

- Bryt lovnad om skular

Millioninnsparingar kan føre til løftebrot for ordføraren i Eid Kommune.

Ordførar Sonja Edvardsen
Foto: NRK

Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Venstre lova før valet i fjor at skulestrukturen i Eid skulle få stå i fred i den komande perioden. Men no må kommunen spare inn 20 millionar kroner.

Ordføraren frå Arbeiderpartiet opnar no for å gjere det ho lova å ikkje gjere i fjor, å leggje ned skular.

- Bryt vallovnad

Blant anna står 130 elevar ved Haugen og Kjølsdalen no i fare for å misse skulen sin.

Leiar i arbeidsgruppa for utbygging av Haugen skule, Else Karin Lillestøl, reagerer sterkt på at ordføraren bryt lovnaden.

- Dei fleste politikarane visste sånn omtrent korleis den økonomiske utviklinga vart, det er ikkje noko overrasking. Men likevel kan dei stå der å love, og det blir feil, seier ho.

Forstår kritikk

Ordførar i Eid, Sonja Edvardsen vil ikkje utelukke skulenedleggingar og har no bede om utgreingar frå dei politiske utvala i kommunen.

- Det er veldig viktig å gjere ei grundig arbeid når vi står framfor ei slik stor utfordiring. Vi må sjå på kva som er best teneleg for innbyggjarane, og då må vi ha slike utgreiingar. Men avgjerda er ikkje teken, seier Edvardsen.

Og ho forstår at enkelte kan ha følt seg førde bak lyset.

- Du kan på mange måtar seie dei, men vi må vere ansvarlege når vi står framfor ei utfordring på 20 millionar kroner. Målet må vere å oppretthalde ein best mogeleg skule, seier Edvardsen.

Vil ha eigedomskatt

Lillestøl er ikkje samd i at nedlegging av skular kan gje eit godt skuletilbod. Ho trur heller at forslaget frå ordføraren om innføring av eigedomskatt kan vere ei god løysing.

- Vi ser jo at det er privat velstand og offentleg fattigdom. Kanskje det er det som må til, at vi gir litt alle for å behalde den strukturen vi har, seier Lillestøl.