Harry Mowatt. Arkivfoto©NRK
- Når han har "verktøykassa" å bruke ovanfor Union i Skien, der han ikkje er eigar, så burde han iallefall bruke eigarmakta si ovanfor Hydro der han faktisk kan bestemme, seier Harry Mowatt.
Etter å ha høyrt næringsminister Børge Brende frå Høgre på radioen, har fylkesutvalsmedlemen og ordføraren i Hyllestad hissa seg opp.
- Vi er både skuffa og forbanna, for dette er ei klar forskjellsbehandling, seier Mowatt.
Svært opprørte
Brende vil ikkje la Norske Skog få ja på søknad om å ta med seg den billege krafta om papir-fabrikken Union blir lagt ned. Politikarar i Sogn og Fjordane har stor respekt for kampen mot nedlegging av 380 arbeidsplassar i Skien, men er svært opprørt over ministeren som tidlegare har støtta Hydro i å fjerne opp mot 1000 arbeidsplassar i Sogn.
- Påfallande
Likskapen er påfallande, men forskjellen er berre at no nærmar valkampen seg og området rundt Skien er mykje tettare befolka enn Sogn. Mowatt meiner dette er lett å oppdage.
- Bedrifta ligg i det sentrale Austlandsområdet, då vert det med ein gong ei rikssak. For det andre tapar skogeigarane store pengar på ei nedlegging og for det er tredje så er det valkamp. Eg tykkjer engasjementet er veldig påfallande når det skjer berre der, seier han.
- Interessant
Kjartan Longva. Arkivfoto©NRK
Også Kjartan Longva ordførar i Høyanger, der Hydro har lagt ned 200 arbeidsplassar, er høglytt forbausa over Høgre-statsråden.
- Det er heilt nye signal nå når denne regjeringa vil gripe inn og bruke dei midla dei har for å oppretthalde industri. Ikkje minst for Årdal og Høyanger må dette vere veldig interessant, seier Longva.