Hopp til innhold

- Brann er i full oppløysing

Brann manglar trenar, sportssjef, dagleg leiar og styreleiar. - Ein klubb i oppløysing, meiner supportersjefen. – Tvert i mot, seier Lars Moldestad.

Video BRANDTUN-020610-HO1840-201352-SI_HO.mp4

Denne våren har ein opplevd reinaste mannefallet på Brann stadion. Først gjekk Bjørn Dahl frå stillinga som dagleg leiar. Deretter var det trenar Steinar Nilsen som forsvann ut stadionporten.

Onsdag var det styreformann Hans Brandtun sin tur til å trekka seg.

Frode Hellebø fra Brannbataljonen.
Foto: NRK

Supporterleiar Frode Hellebø meiner klubben ser ut til å gå fullstendig opp i liminga:

- Det ser ut som om klubben er i ferd med å gå heilt i oppløysing. I tillegg til desse stillingane er det jo sju spelarar som har kontraktar som er ferd med å gå ut, seier leiaren i Bataljonen.

Han er frustrert over det som skjer på Brann stadion om dagen.

- No lever me jo heilt i uvisse, det er ingen av oss som veit kva som foregår på stadion om dagen, seier Hellebø.

- Tvert i mot!

Konstituert dagleg leiar, og no og konstituert styreleier, Lars Moldestad nektar for at klubben er i ferd med å rakna i saumane.

- Nei, Tvert i mot.

- Har de kontroll?

- For å seia det på den måten, me har fått veldig god kontroll på korleis tilstanden i Brann er, seier mannen som no styrer det meste på Brann stadion.

Tilstanden er at klubben manglar hovudtrenar, dagleg leiar, sportsleg leiar og no og styreleiar. I tillegg er sju av a-lagsspelarane på kontraktar som går ut etter sesongslutt.