Det er konklusjonen i ein ny rapport som Transportøkonomisk institutt (TØI) har laga på oppdrag frå Samferdsledepartementet.
I dag går det fly mellom Bergen og alle dei fire flyplassane i Sogn og Fjordane.
- Det er dårleg økonomi og lite trafikk på rutene til Bergen. Så dersom ein kunne redusere tal avgangar til Bergen, og ta vekk avgangane frå nokre av plassane, så vil ein kunne redusere produksjonen med eitt fly og spare ganske mykje pengar på å gjere det, seier prosjektleiar i TØI, Jon Inge Lian.
Billegare ruter
Instituttet har vurdert eit billegare ruteopplegg for staten framfor ny anbodsrunde. I Sogn og Fjordane er det bergensrutene som har stått i søkelyset.
Når TØI meiner det er Florø som bør ha flya til og frå byen mellom dei sju fjell, er det av fleire årsaker, seier Lian.
- Florø har i utgangspunktet allereie fem avgangar og det er knytt til oljenæringa. Førde har til dømes berre ein avgang midt på dagen, seier han.
Mindre subsidiar
I tillegg er det eit faktum at den statlege subsidieringa av flybillettane i Florø er mindre enn på dei andre flyplassane i fylket. Dette fordi Florø er einaste flyplassen i fylket med så lang rullebane at andre enn Widerøe er interessert i å fly der.
Dermed får Florø konkurranse om rutene, og dermed lågare pris frå staten.
- Det er den staden som er best eigna, seier Lian.
- Skeptisk
Leiar i samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane, Arnstein Menes, vil ikkje vere med på å legge alle bergensflya til Florø.
- Eg er i utgangspunktet skeptisk til det. Det gjeld spesielt dei reisande frå Nordfjord og kanskje Indre Sogn. Samstundes er flystrukturen bygt opp slik at du gjerne skal vidare frå Bergen slik at når du først skal til andre delar av landet så er den kommunikasjon med Bergen frå Indre Sogn og Nordfjord viktig, seier han.