Hopp til innhold

- Bergensarane går mann av huse

Bergensarane vil gjerne køyra bane. Fulle vogner sidan opningsdagen.

Bybane ankom endestoppet

Bybanen i Bergen - ein populær bane, har det vist seg. Her i frå opningsdagen.

Foto: Gunhild Agdesteen/NRK

– Opningsdagen reknar me om lag 16.000 reisande, fortel Ingrid Dreyer i Skyss.

– Det er veldig gledeleg at så mange bergensarar ville prøva banen.

Men Bybanen har vore populær også etter Dronning Sonja tok fyrste turen.

Dronning Sonja ankommer Bybanen på Nesttun i Bergen

Den fyrste passasjeren, Dronning Sonja, kjem til Nesttun, for å køyra bane.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Har ikkje konkrete tal

På opningsdagen vart det telt passasjerar, men det har ikkje vorte gjort etterpå.

– Me har ikkje konkrete passasjertal, men me ser at pågangen er veldig stor. Spesielt utover dagen er vognene godt fylt.

– Bergensarane har gått mann av huse for å prøve banen, slår Dreyer fast.

Skyss har ikkje nøyaktige passasjertal på grunn av trøbbel med billettsystem og automatar.

I tillegg vil alle passasjerar som reiser med overgangsbillett ikkje verta registert.

LES MEIR OM BANEN: Bybanen i Bergen

Vil du reisa med Bybanen utan å reisa deg i frå stolen?

Ta en eksklusiv tur med Bybanen her.