Hopp til innhold

- Beiteforbod vert katastrofe

Bondelaget er kritiske til at dyrevernnemdene i Sogn vil nekte sauebønder beiting i område med store rovdyrskadar.

Sauer
Foto: NRK

Bjarte Nordanger, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, seier at viss bøndene ikkje har beite å sleppe sauene på, vil det vere ein økonomisk katastrofe for dei dei som blir råka.

- Vi er ganske fortvila over denne politikken, seier Nordanger.

Dei siste ti åra bøndene i Sogn og Fjordane fått økonomisk erstatning for rundt 4350 sauer, som blitt offer for jerven sine herjingar.  2002 var toppåret for tap av sau.

Det er i fjella i Luster, Lærdal og Årdal det er verst. Tidlegare i år varsla Mattilsynet beiteforbod dersom ein ikkje får bukt med drapstoktene til jerven.