Hopp til innhold

- Attgroing er trafikkfarleg

Attgroing langs vegane kan føre til farlege forbikøyringar. Vegstrekningar som for få år sidan hadde god sikt, er no attgrodde.

RV 5 mot Bøyabreen i Fjærland

TETT VEGETASJON: riksveg 5 i Bøyadalen i Fjærland.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Audun Heggestad i Trygg Trafikk meiner attgroinga i vegkantane kan bli eit problem i sommar dersom Vegvesenet ikkje greier å rydde langs vegane.

– No er det mange turistar på vegane, og fleire av dei køyrer sakte, spesielt bubilar og bilar med campingvogner på slep. Då må folk kome seg forbi, og då trengst det sikt og strekningar.

(Artikkelen held fram under biletet).

Audun Heggestad

- VI TRENG SIKT: Audun Heggestad i Trygg Trafikk.

Foto: Arne Eithun / NRK

Farlege forbikøyringar

Vegkantane i fylket gror att og sikta langs vegane vert dårligare, og det er ikkje alle som er like tolmodige i køen bak nyfikne bubilarturistar med god tid om sommaren. Dette kan føre til farlege forbikøyringar dersom sikta ikkje er god nok.

– Vegvesenet skal legge til rette slik at vegane blir best mogeleg og sikrast mogeleg.

Torbjørn Thiem, trafikksikringrådgjevar for Vegvesenet på Vestlandet er klar over problemet. Han seier at det er mykje vegetasjon som har kome opp i det siste på enkelte vegstrekningar.

– Då er det klart at sikta ikkje blir som før, og det blir ikkje like lett å ta trygge forbikøyringar.

Slit med å henge med

Han vedgår at Vegvesenet slit med å henge med i kampen mot attgroinga.

– Vi greier å ta unna det meste, men eg skal ikkje sjå bort frå at det enkelte stader ikkje blir teke alt det som vi hadde tenkte å fjerne, så vi ligg kanskje på etterskot enkelte stader.