- Må diskutere sjukehusstrukturen

- Det går ikkje an å halde på dagens sjukehusstruktur, og viss stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen trur det, er han ikkje realistisk!

Det seier styremedlem Harry Mowatt i Helse Førde.


Gunvald Ludvigsen
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Det seier styremedlem Harry Mowatt i Helse Førde.

Før helga tok han til ordet for ein ny debatt om fylket skal ha eit sterk sentralsjukehus eller sterke lokalsjukehus.

Ludvigsen vil ha begge deler. - Men det går ikkje, seier Mowatt, og viser til at Helse Førde gjekk med 150 millionar kroner i minus i 2008.

Situasjonen forverra i 2009.

Harry Mowatt
Foto: NRK

- Det nye inntektssystemet hjelper oss ikkje i det heile, tvert i mot taper vi 12 millionar til. Då er vi opp i ein manko på 162. I tillegg har vi fått nye utfordringar med at vi må betale for rehabilitering utanfor fylket med eit ukjent tal millionar, seier Harry Mowatt.

- Denne summen må vi dekke inn for å kome i balanse. Deretter må vi produserere overskot for å få lov til å innvestere i nytt utstyr, i ein situasjon der Helse Førde sansynlegvis har det elste og dårlegaste utsyret i landet

Vil ha strukturdebatt

Det er med dette som utgangspunkt Mowatt etterløyser ein debatt om fylket skal prioritere eit sterkt sentralsjukehus eller sterke lokalsjukehus, det er ikkje pengar til begge deler.

Men helsepolitikar Gunvald Ludvigsen sitt svar på utfordringa er enkel og grei. - Det må vere nok pengar til å drifte det systemet vi har. Vi kan ikkje bygge ned, vi skal ha eit like godt tilbod hjå oss som i resten av landet

- Ikkje realistisk

- Han meiner det nok heilt sikkert godt, men det er ikkje forankra i realitetane, seier Mowatt. - Problemet er at vi i Sogn og Fjordane har eit alt for dyrt sjukehusvesen i forhold til at vi berre er 106 000 innbyggarar. Det er vi nødt til å gå inn i med det alvor som situasjonen krev.

- Regjeringa hindrar rasjonell drift

Mowatt rettar også skytset sitt mot regjeringa. Denne regjeringa løyver meir pengar enn den førre, men hindrar likevel Helse Førde å løyse problema sine med den pengesekken dei får.

- Dei sit og er ein effektiv stoppar for at ein kan drive ei nokonlunde rimleg rasjonlaisering av sjukehusvesenet i fylket. Det syns eg er ein hemsko. - For utan strukturdebatt kjem helseføretaket til å bryte saman.