Sverre Bakke
Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Lårdals store pådrivar

Sverre Bakke (61) lev og andar for bygda si. Det har han gjort heile sitt liv.

– Det beste med barndomen i Lårdal var å bade i Bandak.

Sverre Bakke sit på kjøkenet i barndomsheimen sin. Det som no er hans eigne borns barndomsheim. Med panoramautsikt over sitt kjære Bandak.

– Korleis mor mi greidde å sitje her og slappe av medan eg som seksåring var åleine nede på brygga, det forstår ikkje eg. Eg var nok ikkje stort eldre enn seks år då eg lærte å symje. Ho visste vel at eg kom til å få bruk for det, smiler han.

Om vinteren var ski det beste. Bratte Lårdal gjorde seg godt for å renne i uvyrslåmir. Om sommaren var det berre bratt.

– Det seiest at ein kan sjå ein Vest-Telemarking på avstand. Han løftar knea så høgt, sidan han er vane med å gå i motbakkar.

Sverre Bakke er mange ting. Han er ektemann og far, skog- og landbrukssjef i Tokke kommune, gamal langrennsløpar, redaktør for lokalblekka Lårdølen og grendelagsleiar. Og vesle Lårdals store pådrivar.

Med unntak av elleve år ute i den store verda har Sverre budd i Lårdal heile sitt liv. Og han ville ikkje hatt det på nokon annan måte.

– Eg budde i Evenstad i Østerdalen ei stund, der eg hadde min fyrste jobb som lærar. Men det var for langt vekk frå Lårdal, seier han.

Difor pakka han saman og sette kursen heim som 27-åring. Då hamna han i Høydalsmo ei stund, medan han satsa som langrennsløpar. Så fekk han seg kone og familie, og tok etter kvart over familiegarden i si kjære heimbygd.

Det tok ikkje lang tid før grendelaget Lårdal Vel ønskte seg Sverre som ny leiar. Laget hadde vore nede for teljing ei stund, men Sverre såg potensialet for å gje bygda ein ny pangstart.

– Då eg fekk spørsmålet om å ta over som leiar av Lårdal Vel hadde eg nett vore på eit møte om bygdemobilisering. Eg tenkte at dette ville passe godt for Lårdal, særleg sidan dei fleste på den tida gjekk rundt med ei innstilling om at «Ingenting gjeng an i Lårdal.»

Les også: Nye kraftverk i Lårdal

Huset til Sverre Bakke

GARDSHUSET: Her bur Sverre, i sin eigen barndomsheim.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Mobiliseringsbygda Lårdal

Sverre ville vise at dei tok feil. Han visste at alt kunne gå an i den vesle bygda, men at innstillinga til dei som budde der måtte endrast.

– Då eg starta som grendelagsleiar hadde me hatt kommunesamanslåing. Lårdal blei ein del av Tokke i 1964, og då blei sagbruket og ferdighusfabrikken lagt ned. Det meste blei lagt ned på den tida. Me trong eit løft.

Difor gjorde han alvor av mobiliseringsdraumen.

– Me laga ein video og sende søknad om å bli bygdemobiliseringsbygd i Telemark. Viss me fekk ja, skulle me få 100 000 kroner i året, og det var ganske bra.

– Og så blei me faktisk plukka ut. Det var stor stas, seier Sverre.

– Med desse pengane sette me i gong forskjellige grupper. Dei tok seg av alt frå landbruk til revy.

Ein fellesskap og eit engasjement begynte å vekse fram i Lårdal.

– Eg hugsar dei tulla med meg i revyen. Det var ein sketsj der eg hadde møte, og saklista på det fyrste møtet var kaffi og wienerbrød, på det andre var det kaffi og wienerbrød og på det tredje var det wienerbrød og kaffi. Og det var litt artig, for det stemte faktisk. Trygve Slagsvold Vedum seier at ein kan få til mykje rundt ein kaffikopp, og det er eg einig i.

Ting begynte å skje. Skulestrida mellom øvre og nedre Lårdal la seg då den eine blei lagt ned og alle elevane blei samla. Lårdal Vel brukte av pengane sine til å kjøpe det gamle industribygget nede ved vatnet, der det blei starta opp ei bedrift som heitte Telemarkstrikk. Dei laga genserar, og heldt på ei god stund.

Og sjølv om det tok slutt, kom det noko positivt ut av det.

– Då Telemarkstrikk la ned, gjorde vi det om til eit ungdomshus. Mange eldsjeler var flinke og bygde opp det, og det blir drive på dugnad den dag i dag, seier Sverre.

Han slutta som leiar av Lårdal Vel etter nokon år på nittitalet. Då var det andre som tok over, og den gode utviklinga inspirerte fleire.

– Etter ei stund starta ei gruppe som kallar seg Lårdal Liv Laga. Dei hadde meir pengar, ler Sverre.

Dei fekk mellom anna til Lårdalstigen, ein populær fjelltur med flott utsikt over Bandak, og den årlege vårdagen med kaste på stikka, som berre er eitt av mange årlege arrangement.

I 2013 blei han leiar av Lårdal Vel att, og han er med det tilbake der han var så glad for å vera for tjuge år sidan. Han held fram med å samle folk.

– Me har mange trivelege tilstellingar kvart år. Til dømes joletrefest, jonsokfeiring, bryggedans, 17. mai-feiring og akedag. Dette er samlande og fint for alle, seier Sverre.

Sverre Bakke på tunet

UTEDOEN: Sverre har ikkje rive utedoen på gardstunet enno, sidan den ligg så fint til.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Eiga lokalavis

Sjølv om dei fleste av innbyggjarane i bygda er flinke til å møte opp og hjelpe til med det som trengst, er det også her nokon som trekker seg litt vekk. Sverre er oppteken av at dei skal få vite kva som skjer i Lårdal, og difor sette han for ti år sidan i gong ein eigen liten avisredaksjon heime framfor skrivebordet.

To gonger i året dumpar lokalavisa Lårdølen ned i postkassene i bygda. Her skriv redaktør Sverre om kva som har hendt i Lårdal den siste tida. Både oppturar og nedturar.

– Det er litt artig med Lårdølen. Nokon synest nok at eg er litt vel ivrig der. Men eg synest det er moro å slenge litt med leppa. Også hjelper ho meg med ein annan veldig viktig ting: Når nokon gjer noko positivt må dei bli sett. Og då får dei litt spalteplass i Lårdølen.

I den nyaste utgåva av Lårdølen skriv Sverre om ny asfalt, lokale politikarar i kommunestyret, attgroing og ugras, tilflytting, eldsjeler og den nye mobilmasta dei har fått.

– Lårdal har fått 4G! Det er heilt supert. Eg blei litt erta då eg kalla det G4 på årsmøtet, ler han.

Les også: Skulestrid kløyver kommune

Lårdal

BYGDA SOM LEV: Lårdal med eit tåkelagt Bandak nedst.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Her får dei gode byen ikkje kan gje

Sentraliseringa trugar stadig dei små bygdene i Noreg. Skular og barnehagar blir lagt ned, arbeidsplassane forsvinn og i manges augo har ikkje ungdomen lenger nokon grunn til å flytte heim att. Det meiner Sverre er heilt feil.

– Eg ser me jobbar i motvind. Det er ein kultur som dreg ungdom til byen. Eg brukar å seie at det er veldig fint at dei kjem seg ut, men at me har ein jobb å gjera. Me må få dei til å setje røter før dei reiser.

Han trur det har mykje å seie viss dei vel å bu heime lenger enn til etter grunnskulen.

– Eg håpar dei gjeng på vidaregåande på Dalen. Når dei er ferdige der er det på høg tid at dei forduftar litt, men forhåpentlegvis har dei då sett såpass røter at dei vil tilbake etter kvart.

Og det er faktisk ein del som vel å flytte heim att til Lårdal.

– I fjor var det tre stykke som kom heim att. Det er eigentleg heilt fint det. Hadde det vore ti-femten hadde det vore for mykje. Men at dei kjem litt jamt og trutt, og det er veldig bra, seier Sverre.

– Me treng ein god balanse mellom unge og gamle for at bygda skal fungere godt. Også er det veldig stas at me får fleire unge jenter hit, for det er dei som ofte er mest skeptiske til å flytte til små bygder.

I vår laga Lårdal Vel ei brosjyre som heiter Heimatt til Lårdal. Der fortel dei mellom anna om goda du har når du bur i Lårdal og korleis du kan få deg bustad der.

– Viss du skal kjøpe deg leilegheit på Majorstua må du ha feit lommebok. Her kan du få eit fint hus til ein million.

– Når det gjeld jobb, kan det hende at du må velje på andre eller tredje hylle. Men til gjengjeld sit du ikkje med ei kjempegjeld. Og du har hage. Også kan du ta Haukeliekspressen til Oslo når du lengtar etter asfalt under beina.

Sverre forsvinn litt. Du ser på augo hans at han konsentrerer seg. Det viser seg at han gjer klar ein anekdote.

– Eg var ein tur til Bergen då dotter mi var ferdig med studiet der. Ho hadde ein hybel i eit fint område. Den eine dagen sat eg på kjøkenet og kika ut av glaset, og på andre sida av vegen var det eit lite hus der det budde ein familie. Då tenkte eg: Når borna der skal ha konfirmasjon, då må gjestene parkere nede i byen, betale parkeringsavgift, ta bussen eit stykke og gå siste bit for å kome fram. Her sit eg på mitt kjøken i Lårdal og ser ut, og her er det masse plass.

– Det er litt av det me prøvar å få fram. Goda. Det er plass til mange fleire her! Og du treng ikkje vera fødd i Lårdal for å kome hit.

Og tilflyttarane blir sett ordentleg pris på.

– Me har oversikt over alle. Når det kjem nokon nye har me ein ivrig kasserar i Lårdal Vel som møter opp på døra med ein blom. Og same når det blir fødd nye innbyggjarar, så får dei heimespita barselsokkar, seier Sverre.

Les også: Redd grenda blir tømt uten skole

Sverre Bakke ser utover Lårdal

HEIME: Sverre Bakke blir aldri lei av utsikta over sitt kjære Lårdal.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Skulen som ikkje greidde seg

For eit par år sidan blei den kjære grendeskulen i Lårdal lagt ned. No tek skuleelevane buss til nabobygda Høydalsmo.

Dette var vanskeleg for Sverre, som prøva så godt han kunne å tale skulens sak.

– Skulesjefen her la fram ei prognose som sa at det frå 2013 til 2015 var ein vekst i barnetalet i Lårdal på 27 prosent. Det er riktig nok berre 4, då. Men det høyrest jo veldig fint ut. Og i andre bygder var som regel talet i minus, seier han.

Trass i gode prognosar og argument fekk dei ikkje gjort noko med saka.

– Det var tungt då skulen blei lagt ned. Men, som eg skreiv i Lårdølen, dette må me legge bak oss. Det er tolv kilometer til ein flott nyoppussa skule i Høydalsmo, seier han.

– Kva trur du mangelen på skule har å seie for tilflyttarar?

– Nokon ville gjerne ha borna sine på ein slik skule, og slik sett er det synd at me har mista draget den hadde. Men, me har framleis barnehagen, og den er viktig. Eg trur nok den vesle effekten av skulenedlegginga kjem til å gje seg snart, seier han.

Les også: Vil ha privatskule i Lårdal

Malin og Agnes Lundevall Bleikelia

FORNØGD TILFLYTTAR: Malin Lundevall Bleikelia kjem opphavleg frå Kviteseid, men bur no i Lårdal saman med mann og to born.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

– Fekk blom dagen eg melde flytting

I eit kvitt hus på ein gard øvst i Lårdal sit Malin Lundevall Bleikelia blant leiker, smokkar og barnesenger. På armen har ho fem veker gamle Agnes. Malin kjem opphaveleg frå Kviteseid, men har no budd i Lårdal i fleire år.

– Korleis hamna du her?

– Det var den store kjærleiken det. Eg trefte ein kjekk kar på bygdefest ei påske, fortel Malin.

Ho hugsar at nokon av studievenninnene hennar reagerte då ho fortalde dei om kjekkasen frå Lårdal.

– Dei var litt forskrekka. «Det er bra det altså, Malin. Men han bur i LÅRDAL. LÅRDAL. Du kan ikkje bu i LÅRDAL.»

Men no bur altså Malin i Lårdal. Og trivast med det.

– Eg og Gunnar budde fyrst nedst i bygda, og no har me kjøpt ein gard oppe i Støylsdalen, gifta oss og fått eit par ungar.

Det var ikkje vanskeleg for Gunnar å overtale Malin til å bli i heimbygda.

– Eg har blitt kjend med så mange trivelege folk her, så det kjennast rett å bli. Eg blei veldig inkludert og sett med ein gong. Lårdal Vel møtte opp med blom på døra den dagen eg melde flytting, og eg fekk barselsokkar etter begge fødslane.

No føler ho seg heime i bygda, der ho seier at miljøet er veldig godt.

– Også er det veldig fint her, då.

Ho fortel om inntrykket ho har fått av eldsjela Sverre.

– Fyrste gong eg møtte Sverre var nok i skiløypa. Og i starten budde me ikkje så langt ifrå kvarandre, så me kom på hels veldig fort. Han er utruleg flink til å få med seg folk. Det er sjølvsagt for han at alle nye skal vera med. Han er ein veldig ressurs for bygda.

– Han er flink til å informere om det som skal skje framover på Facebooksida til Lårdal Vel.

I barnehagen på Håtveit går det no ni born under tre år. Ein av dei er Malin og Gunnars eldste, Jens. Han er halvtanna år. Veslesyster Agnes blei fødd i desember.

– Eg er glad for at Jens og Agnes skal gå i barnehage her. Dette er ein fin stad for born å vekse opp.

Les også:

Stabburet på tunet

TUNET: Det gamle stabburet på familiegarden til Sverre med bygda i bakgrunnen.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Køyrer på vidare med god dugnadsånd

Sverres visjon er at om ein står saman, får ein til store ting.

– Det er sjølvsagt at det er lettare å få til ting når ein er fleire. Difor prøvar eg å få med meg alle på den tankegangen, seier Sverre.

Han trur det er dette andre bygder som kanskje slit litt gjer feil.

– Den store utfordringa i ei lita bygd er å få alle til å forstå at ein må ha samla front. Nokon må gje seg av og til. Viss det er to fløyer er det ikkje nok kraft til å få gjennomført ting. Eg trur dei fleste Lårdølar forstår det.

– Viss ein er litt ueinig må ein hugse på at det er lurt å setje fellesskapet fyrst, for det tener alle på til slutt, seier Sverre.

Kvart tredje år blir alle Lårdølar sett på dugnadsliste for 17. mai-feiringa. Den er veldig populær, og i fjor hadde dei fleire frammøtte enn nokon gong. Sverre fortel om ein entusiastisk gjeng.

– Det er som regel ikkje noko problem å sende ut listene. Dei fleste stiller opp.

Og det er han glad for. Han meiner det er ein viktig grunnstein i eit lokalsamfunn. Også her gjeld regelen om at det er betre til fleire dei er saman.

– God dugnadsånd er viktig i ei bygd. Det er veldig mykje lettare viss det stiller opp mange. Er det berre tre-fire som stiller opp, er det masse arbeid på dei. Men, er det tjuge andre der kan du henge litt på riva, drikke litt kaffi, slå av ein prat. Når du kjem heim lurar du kanskje på om du har gjort noko, men du har sannsynlegvis det.