Hopp til innhold

Sjekkar 5000 hytter natt og dag i påska

I Noregs fjerde største hyttekommune, Vinje, tar kommunen rekninga når eit vaktfirma patruljerer absolutt alle hyttene i påska. – Vi måtte gi noko tilbake til hytteeigarane, seier ordføraren.

Hytter i Holtardalen i Rauland

TOMME HYTTER: I påska myldrar det vanlegvis av turistar i Holtardalen i Vinje. Denne påska er det skvær tomt.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Om hytta di blir sjekka eller ikkje i påska, kjem heilt an på kva kommune du har hytte i.

I Vinje fann ordførar Jon Rikard Kleven ut at det var lurt å strekke ut ei hand til hyttefolket sitt.

Spesielt fordi han har gått så langt som å true med å stenge ned hyttefelt om det kom folk dit.

– Det er kjedeleg om vi først går i bresjen for hytteforbodet, for så å oppleve at hytteeigarane blir plyndra når stadene deira står tomme, seier Kleven.

Jon Rikard Kleven, ordfører Vinje

VAKTSELSKAP: Vinjeordførar Jon Rikard Kleven meiner dei får mykje tilbake for å betale for at eit vaktselskap sjekkar hyttene i påska.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Eit privat vaktselskap er allereie i gang med tilsynsjobben.

– Dei køyrer rundt i alle hyttefelta våre heile døgnet. Vi måtte gi noko tilbake når vi avlyste påska.

Ordføraren reknar med at vakthaldet vil koste kommunen minst 300.000 kroner.

Får hjelp av politiet

I Noregs største hyttekommune, Ringsaker, har dei ein heilt annan strategi.

– Vi har fire store grunneigarar som har eigne folk i fjellet heile tida. Kommunen stiller derfor ikkje med eige oppsyn, seier ordførar Anita Ihle Steen.

– Er det eit godt nok tilbod til hyttefolket, då?

– Ja, det meiner eg. Vi har hatt gode møte om dette, og politiet vil òg køyre rundt og passe på.

– For dyrt

I kystkommunane Kragerø, Bamble og Færder stiller dei heller ikkje opp med noko ekstraservice til hyttefolket.

– Vi har i overkant av 3500 hytter spreidd rundt i skjergarden, så tilsyn ved alle desse ville blitt dyrt for oss, seier ordførar i Kragerø, Grunde Knudsen.

Til gjengjeld er det meir politi på vatnet denne påska, og taxibåtnæringa følgjer òg med, fortel Knudsen.

Kragerø

SPREIDD: I kystkommunen Kragerø reknar dei med at hytteeigarane sjølve får nokon til å sjekke hytta som står tom i påska.

Foto: Sindre Skrede / NRK

– Ser kva kommunar som bryr seg

Noregs Hytteforbund seier dei forstår at mange er bekymra for fritidsbustadene sine i desse dagar.

Spesielt dei som har hytter som ligg for seg sjølv, og ikkje i dei store hyttefelta.

– Det er fint å høyre at nokon tilbyr tilsyn. Då ser ein kva kommunar som verkeleg bryr seg mest om hytteeigarane sine, seier styreleiar Trond Gulleik Hagen.

Forbundet rår hytteeigarar til å dra på dagstur til hytta viss ein kan, og hjelpe kvarandre viss ein kjenner andre som har hytte i same område.

– Hyttene står tomme resten av året òg. Forskjellen no er at absolutt alle er tomme, og at alle veit om det, legg Hagen til.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Bilde innenfra

Pusset opp bygdelokalet på dugnad i fem år - så kom «Amy»

Anita Torkilsen vasker opp etter stormen.

Skademeldingene renner inn: – Er fortsatt i sjokk