Hopp til innhold

Vassmagasina blir fylte opp - straumen kan likevel bli dyrare

Varmen dei siste vekene, kombinert med kraftige og uføreseielege regnbyer, fører til at vassmagasina blir fylte raskare enn normalt. Nå blir det jobba på spreng for å unngå skadeflaum.

Hallgeir Aarbak, produksjonssjef i Statkraft region sør.

FARE FOR FLAUM: Hallgeir Aarbak, produksjonssjef i Statkraft region sør, ser utover vassmassane ved Hogga dam i Lunde.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Vatnet renn i strie strøymer ved Hogga dam i Lunde, den øvste slusa i Telemarkskanalen.

Fyllinga i mange magasin er høg, og det er framleis mykje vatn som skal ut.

Dei såkalla flaumlukene må brukast flittig.

Poenget med dei ligg i namnet.

Normalt sett ville vatnet gå gjennom kraftverket og bli til straum. Nå er det så mykje vatn at vi i tillegg må bruke flaumluka for å avleie vatnet, forklarer Hallgeir Aarbak. Han er produksjonssjef i Statkraft region sør.

Vassmagasina har nå ei fyllingsgrad på 48,1 prosent. Det er ei endring på 8,1 prosent frå sist veke.

Sjølv om straumprisane har vore litt lågare i mai, og magasina blir fylte opp, vil dei likevel stige framover, trur analytikar.

Grunnen er at all snøsmeltinga har skjedd innanfor eit kort tidsrom, og at det difor er venta mindre tilsig framover.

Mykje å gjere

Ved dei ulike anlegga jobbar dei tilsette nå døgnet rundt for å unngå skadeflaum i vassdraga, samtidig som dei tar vare på produksjonen.

Dei tilsette er vande til at det er mykje vatn å handtere på denne tida av året, men nå er det uvanleg mykje.

Målestasjonen Elvarheim på Dalen nådde for eksempel eit høgdepunkt på 340 kubikkmeter per sekund natt til tysdag.

Det svarer til ein femårsflaum.

Litt lenger nord finn ein målestasjonen i Ossjøen. Den ligg oppstraums i Pålsbufjorden i Buskerud, og målte 400 kubikkmeter per sekund tysdag. Dette er på nivå med ein 50-årsflaum, opplyser Statkraft.

Trur straumprisane vil stige

Ein skulle kanskje tru at mykje vatn gir billigare straum i lang tid framover, men slik er det ikkje, seier Sigbjørn Seland, sjefanalytikar i StormGeo.

Han seier straumprisane har vore lågare i mai, men at ein ikkje kan håpe på det same i tida framover.

Sigbjørn Seland

Sigbjørn Seland, sjefanalytikar i StormGeo.

Foto: Jon Skille Amundsen

– Mai har vore heilt eksepsjonelt varm, med meir snøsmelting enn vanleg. Tilsiget i det norske kraftsystemet har vore veldig mykje høgare enn normalt. Det gir høg vasskraftproduksjon og forholdsvis låge prisar, seier han.

– Men kvifor er dei ikkje lågare?

– Kraftprisane i Europa er framleis veldig høge, og fører til at det gjennomgåande blir eksportert mykje ut av Noreg til Tyskland, Nederland og England. Gjennomsnittsprisane blir ikkje ekstremt låge, forklarer Seland.

Strøm

Ekspertane trur straumprisane vil auke, sjølv om vassmagasina blir fylte opp.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Han trur prisane vil auke utover sommaren.

– Sannsynlegvis får vi lågare tilsig i juni. Det taler for at kraftprisane vil stige litt igjen. Dei lågaste prisane er sannsynlegvis bak oss, både i Sør-Noreg og Nord-Noreg.

– God kontroll

Tilbake ved slusa i Lunde understreker Aarbak at det førebels ser overkommeleg ut. Så lenge ein følger godt med.

– Vi har relativt god kontroll på vasstand og vassføring slik situasjonen er nå. Det krev likevel fullt fokus, og folk som jobbar 24-7. Både for å overvake situasjonen og gjere dei nødvendige grepa, seier han.

Det er jo unormalt med høg vassføring på våren og tidleg på sommaren.

Det som skaper nokre ekstra utfordringar i år er at snøen har smelta raskare enn normalt.

– Når du får dette i kombinasjon med kraftige regnbyer, da blir det litt unormalt.

– Det som er vanskeleg, er at dei byene som kjem nå er litt uføreseielege. Dei treff ikkje akkurat der dei var meint å treffe. Da oppstår det ein situasjon som krev litt ekstra av dei som er på jobb, seier Aarbak.

Hogga sluse Lunde

Hogga dam i Lunde.

Foto: Hans Philip Hofgaard / NRK Luftfoto

– Fryktar de flaum?

– Vi har for så vidt ein flaumsituasjon nå. Det som kan forverre han er enda meir nedbør. Dei grepa vi gjer nå er å få ut mykje vatn, så mykje vi meiner vassdraget toler. Da disponerer vi oss til å ta imot meir vatn når neste bølge kjem.